2.1.7 Dagpengar for næringsdrivande og fiskarar

Post 2.1.7 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser dagpengar som er betalt ut til næringsdrivande og fiskarar. Dagpengar er ei yting i staden for arbeidsinntekt. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle næringsdrivande som er arbeidsledige og får utbetalt dagpengar

  • frå folketrygda og/eller
  • frå privat sjuke- og ulykkesforsikring som overstig 20 kroner per dag

 Posten gjeld alle fiskarar som

  • er melde inn i Fiskarmanntalet, blad B
  • har vore arbeidsledige og fått betalt ut dagpengar frå Garantifondet
  • er næringsdrivande eller tek imot hyre

 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med det du har teke imot. Beløpet baserer seg på kva som er rapportert inn av utbetalaren, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i lønns- og trekkoppgåva (også kalla årsoppgåva) du får frå utbetalaren i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte utbetalaren for at årsoppgåva skal bli rett. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om dagpengar, må du kunne dokumentere dette med lønns- og trekkoppgåve eller anna stadfesting frå utbetalar dersom vi ber om det. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.