2.1.8 Uføretrygd frå folketrygda

Post 2.1.8 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i uføretrygd frå folketrygda. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har teke imot uføretrygd frå folketrygda.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med det du har teke imot i uføretrygd. Beløpet baserer seg på kva NAV har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk du får frå NAV.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte NAV, slik at samanstillinga og rapporteringa av uføretrygda blir rett.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om uføretrygd, må du kunne dokumentere dette med ei samanstilling av inntekter, frådrag og skattetrekk frå NAV dersom vi spør.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.