2.1.9 Uføreytingar frå andre enn folketrygda

Post 2.1.9 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda, mellom anna uføreytingar frå SPK, uføreytingar frå andre pensjonsordningar (under dette uføreytingar frå IPA/IPS) og uføreytingar frå utlandet.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har:

  • uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar
  • uføreytingar frå tenestepensjonsordningar i privat sektor
  • uføreytingar frå individuell pensjonsforsikringsavtale og pensjonsspareavtale (inkludert tidlegare IPA)
  • uføreytingar frå kollektive livrenter i arbeidsforhold oppretta før 1. januar 2007
  • uføreytingar frå utlandet

Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal skattleggjast som lønnsinntekt.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med det du har teke imot i uføreytingar. Beløpa baserer seg på kva dei som har betalt ut uføreytingar til deg, har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk du har fått frå pensjonsordninga.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i sjølvmeldinga. Du bør òg kontakte utbetalaren av uføreytinga, slik at samanstillinga og rapporteringa av uføreytingane blir rette.

Er posten førehandsutfylt med ei uføreyting frå utlandet, reknar ein om til NOK ved å bruke gjennomsnittskursen for den utanlandske valutaen for 2016.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp utbetalar, beløp og ei skildring av ytinga.

Uføreytingar i denne posten inngår i utrekningsgrunnlaget for skattefrådrag for pensjonsinntekt.

Uføreyting frå utlandet

Har du teke imot uføreyting frå utlandet i 2016, må du gi opp inntekta i denne posten. Dette gjeld sjølv om du allereie har betalt skatt på den utanlandske uføreytinga i utbetalingslandet. Du må gi opplysningar om namn på utbetalar, utbetalingsland og inntekt før eventuell skatt i både utanlandsk valuta og i NOK.

Etterbetaling av utanlandsk uføreyting

Fekk du etterbetaling av utanlandsk uføreyting i 2016, fører du heile beløpet i post 2.1.9, men spesifiser i vedlegg eller post 5.0 kva for år etterbetalinga gjeld (gjerne med utbetalingsvedtaket).

Har du betalt skatt på uføreytinga i utlandet?

Har du betalt skatt på uføreytinga i utlandet, kan du krevje frådrag i norsk skatt. Du må då huke av "Ja" for kreditfrådrag i post 1.5.6. Skjema "RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag" skal fyllast ut og leverast saman med skattemeldinga. Leverer du elektronisk blir skjema tilgjengeleg når du svarer "Ja" i posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

I så fall må du kunne dokumentere dette med ei samanstilling av inntekter, frådrag og skattetrekk frå den som har utbetalt uføreytinga.

Dersom du krev kreditfrådrag må utliknet og betalt skatt i det andre landet dokumenteres.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.