2.2 Pensjonar, livrenter i arbeidsforhold o.a.

Postane under 2.2 Pensjonar, livrenter i arbeidsforhold o.a gjeld alderspensjon frå folketrygda, avtalefesta pensjon, introduksjonsstønad, utbetalingar frå livrenter i arbeidsforhold, utbetalingar frå individuell pensjonsavtale, alderspensjon og avtalefesta pensjon frå utlandet, og så vidare.

Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar og tenestepensjonsordningar i privat sektor samt uføreytingar frå individuell pensjonsforsikringsavtale og pensjonsspareavtale og kollektive livrenter inngått før 2007, inkludert uføreytingar frå utlandet omfattes ikke av denne posten, men av post 2.1.8 og 2.1.9.

Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal frå inntektsåret 2015 skattlegges som lønnsinntekt.

Alle postar for 2.2 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 2.2.1 Eigen pensjon frå folketrygda

    Denne posten viser kva du har fått i pensjon frå folketrygda. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 2.2.2 Pensjon frå andre enn folketrygda

    Denne posten viser kva du har fått i pensjon frå andre enn folketrygda, til dømes AFP (avtalefesta pensjon), tenestepensjon, introduksjonsstønad og utanlandsk pensjon. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Pensjon frå utlandet vil du normalt måtte føre opp sjølv fordi mange land rapporterer inntekt for seint til at det kommer med på forhåndsutfylt skattemelding. 

  • 2.2.3 Pensjon fra annan EØS-stat som svarer til alderspensjon frå folketrygda og avtalefesta pensjon (AFP) i Noreg

    I denne posten fører du det du har teke imot i utanlandsk pensjon som svarer til norsk alderspensjon eller avtalefesta pensjon (AFP) frå ein annan EØS-stat.

  • 2.2.4 Ektefelletillegg

    Denne posten viser kva du har fått i ektefelletillegg frå folketrygda og private pensjonsordningar.

  • 2.2.5 Pensjon frå utlandet – skattefri i Noreg

    I denne posten fører du opp det du har fått i pensjon frå utlandet som ikkje er skattepliktig i Noreg. Du må gi opp alle inntekter frå utlandet i skattemeldinga. Du må òg gi opp pensjonsinntekter frå utlandet, fordi det verkar inn på utrekninga av skattefrådrag for pensjonsinntekt.