2.2.1 Eigen pensjon frå folketrygda

Post 2.2.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i pensjon frå folketrygda. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har teke imot alderspensjon frå folketrygda.

Nytt i år

Uføretrygd frå folketrygda omfattas ikkje lengre av denne posten, men av post 2.1.8.

Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skattleggjast som lønnsinntekt.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med det du har teke imot i pensjon. Beløpet baserer seg på kva NAV har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå NAV.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte NAV, slik at samanstillinga og rapportering av alderspensjon blir rett. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om lønn og/eller andre ytingar, må du kunne dokumentere dette med samanstillinga av inntekter, frådrag og skattetrekk frå NAV dersom vi ber om det. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.