2.2.2 Pensjon frå andre enn folketrygda

Post 2.2.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i pensjon frå andre enn folketrygda, til dømes AFP (avtalefesta pensjon), tenestepensjon, introduksjonsstønad og utanlandsk pensjon. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Pensjon frå utlandet vil du normalt måtte føre opp sjølv fordi mange land rapporterer inntekt for seint til at det kommer med på forhåndsutfylt skattemelding. 

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har teke imot

  • tenestepensjon
  • (AFP) avtalefesta pensjon
  • pensjon/livrenter i arbeidsforhold
  • introduksjonsstønad
  • ytingar frå kollektiv pensjonsordning
  • utbetaling frå individuell pensjonsavtale (IPA og IPS)
  • støtte etter lov om supplerende stønad til personer med kort botid i Norge
  • føderådsytingar (kårytingar) innan jord- og skogbruk
  • utbetalingar frå livrenter i arbeidsforhold (kollektive livrenter) oppretta før 1. januar 2007 (kollektive livrenter oppretta etter 1. januar 2007 skal førast i post 2.6.2)
  • pensjon frå land utanfor EØS
  • pensjonar som ikkje er alderspensjon eller AFP frå andre EØS-land enn Noreg. Alderspensjon og AFP frå andre EØS-land fører du i post 2.2.3

Eingongsbetalingar som kjem i staden for utbetalingar nemnde over.

Følgande omfattast ikkje av denne posten, men av post 2.1.8 og 2.1.9:

Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar og tenestepensjonsordningar i privat sektor samt uføreytingar frå individuell pensjonsforsikringsavtale og pensjonsspareavtale og kollektive livrentar inngått før 2007, inkludert uføreytingar frå utlandet.

Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skattleggjast som lønnsinntekt.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med det du har teke imot i pensjon. Beløpa baserer seg på kva dei som har betalt ut pensjonen til deg, har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du har fått frå pensjonsordninga.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i sjølvmeldinga. Du bør òg kontakte utbetalaren av pensjonen for at samanstillinga og rapporteringa skal bli rett.

Dersom posten er førehandsutfylt med en pensjon frå utlandet, er det ved omrekning til NOK benytta gjenomsnittskurs for den utanlandske valutaen for 2016.

 Rettleiing for å endre post 2.2.2 og 2.2.3 i skattemeldinga

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namn på utbetalar, beløp og ein beskrivelse av ytinga.

Pensjon betalt ut frå utanlandske utbetalarar

Har du teke imot pensjon frå utlandet i 2016, må du gje opp inntekta frå utlandet i denne posten. Dette gjeld sjølv om du allereie har betalt skatt for den utanlandske pensjonen i utbetalingslandet. Du må gi opp opplysningar om namn på utbetalar, utbetalingsland og inntekt før eventuell skatt i både utanlandsk valuta og i NOK.

Etterbetaling av utanlandsk pensjon

Fekk du etterbetaling av utanlandske pensjonar, fører du heile beløpet i post 2.2.2, men spesifiser i vedlegg eller i post 5.0 kva år etterbetalinga gjeld (gjerne med utbetalingsvedtaket).

Har du betalt skatt på pensjonen i utlandet?

Har du betalt skatt på pensjonen i utlandet, kan du krevje frådrag i norsk skatt. Du må då huke av "Ja" for kreditfrådrag i post 1.5.6. Skjema "RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag" skal fyllast ut og leverast saman med skattemeldinga. Leverer du elektronisk blir skjema tilgjengeleg når du svarer "Ja" i posten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om pensjon, må du kunne dokumentere dette med samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk frå den som har betalt ut pensjonen, dersom vi ber om det.

Dersom du krev kreditfrådrag må utliknet og betalt skatt i det andre landet dokumenteres.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.