2.2.4 Ektefelletillegg

Post 2.2.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i ektefelletillegg frå folketrygda og private pensjonsordningar.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som får skattepliktig ektefelletillegg frå folketrygda og private pensjonsordningar.

Ektefelletillegg er eit forsørgjartillegg som du får av NAV eller private pensjonsordningar dersom du oppfyller krava dei set. Vanlegvis er denne posten relevant dersom du er gift med ein ektefelle som har låg inntekt, og er pensjonist. Tillegget blir rekna som ei inntekt for deg, og du må derfor betale skatt av det.

Ektefelletillegg frå folketrygda som blir betalt ut til mottakarar av alderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP), er skattefritt når verknadstidspunktet for ektefelletillegget er før 1. januar 2011.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløp du har teke imot i skattepliktig ektefelletillegg. Beløpet baserer seg på kva NAV og/eller andre private pensjonsordningar har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå NAV og/eller andre private pensjonsordningar i januar eller februar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg ta kontakt med utbetalaren av ytinga for at samanstillinga og rapportering av ektefelletillegget skal bli rett. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette. Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om ektefelletillegget, må du kunne dokumentere dette med samanstillinga frå NAV og/eller utbetalaren av tillegget dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.