2.4.1 Lønn til barn som er 12 år eller yngre

Post 2.4.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Har du barn som er 12 år eller yngre i inntektsåret, og ho/han har hatt meir enn 10 000 kroner i lønnsinntekt eller andre skattepliktige ytingar, skal du føre opp den overskytande inntekta til barnet i skattemeldinga di.

Gjeld posten meg?

Det er foreldra som blir skattlagde for lønnsinntekta til barn som er 12 år eller yngre.

Posten gjeld deg dersom barnet ditt har meir enn totalt 10 000 kroner i arbeidsinntekt og/eller andre skattepliktige lønnsytingar, fordi det overskytande beløpet er skattepliktig.

Når du tek med lønnsinntekt på over 10 000 kroner i skattemeldinga di, må eit eventuelt skattetrekk i inntekta til barnet takast med i ditt skatteoppgjer. Skatteoppkrevjaren/kemneren overfører som regel skattetrekket til deg som forelder, men det er viktig at du kontrollerer at dette er med i skatteoppgjeret ditt. Eit eventuelt skattetrekk i lønna går fram av den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk sombarnet får frå arbeidsgivar.

Lønnsinntekt på 10 000 kroner eller lågare er skattefritt. Ein føresetnad for å få skattefritak for dei første 10 000 kronene er at barnet har utført ein aktiv arbeidsprestasjon.

Dersom du bur saman med mora/faren til barnet

Førehandsutfylte beløp er førte med ein halvdel i kvar av foreldra sine skattemeldingar når de bur saman, men de kan velje ei anna fordeling.

Dersom du IKKJE bur saman med mora/faren til barnet

Dersom de som foreldre ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje Folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp inntekta. Dersom den andre forelderen har hatt det meste av omsorga i løpet av året, kan den andre forelderen føre opp inntekta i si skattemelding i staden.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift med ein ny partnar, blir inntekta til barnet delt mellom deg og ektefellen din. Om ektefellen din ikkje er den biologiske forelderen til barnet, kan ektefellen din føre all inntekt over på deg.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom inntekta er rapportert inn av arbeidsgivar, kjem posten til å vere fylt ut med halvparten på kvar av foreldra (når foreldra bur saman). Det er éin post for kvart barn. Kontroller at alt er rett.

Ektefellar og foreldre som bur saman, kan fordele inntekta fritt mellom seg. Dersom de endrar, må begge endre i skattemeldinga.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon om lønna til barnet, fører du opp fødselsnummeret til barnet/barna, lønnsbeløp over 10 000 og reknar ut minstefrådrag. Sjå post 3.2.5. Hugs at det er éin post for kvart barn. Minstefrådraget utreknes på nytt og fyllast ut automatisk når du leverer elektronisk.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom inntekta ikkje er rapportert inn til skattestyresmaktene, må du ta vare på lønnsslipp og/eller samanstillinga frå arbeidsgivar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.