2.6 Bidrag, livrenter, barnepensjon o.l.

Postane under 2.6 Bidrag, livrenter, barnepensjon o.l. er inntektspostar som gjeld bidrag til fråseparert/fråskild ektefelle, uførerenter, livrenter, etterpensjon/-lønn, inntekt frå føderåd utanfor jord- og skogbruk, barnepensjon for barn som er 16 år eller yngre i inntektsåret, og så vidare.

Alle postar for 2.6 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 2.6.1 Mottekne skattepliktige underhaldsbidrag og uførerenter/livrenter utanfor arbeidsforhold

    Dersom du er separert eller skilt og har fått bidrag frå den tidlegare ektefellen din, må du føre opp beløpet i denne posten. Underhaldsbidrag til barn er ikkje skattepliktig og skal ikkje førast opp.

  • 2.6.2 Anna skattepliktig utbetaling

    I denne posten fører du utbetalingar frå livrente i arbeidsforhold (kollektive livrenter) og utanfor arbeidsforhold (individuelle livrenter), skattepliktig etterlønn og etterpensjon, inntekt frå føderåd utanfor jord- og skogbruk og skattepliktige utbetalingar frå legat, stiftingar og liknande.

  • 2.6.3 Barnepensjon

    Barn som har mista éin av eller begge foreldra, kan få barnepensjon frå NAV eller forsikringsselskap. Dersom du har barn som er 16 år eller yngre, og ho/han har fått skattepliktig barnepensjon, skal du ta med inntekta i di skattemelding.