2.6.1 Mottekne skattepliktige underhaldsbidrag og uførerenter/livrenter utanfor arbeidsforhold

Post 2.6.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du er separert eller skilt og har fått bidrag frå den tidlegare ektefellen din, må du føre opp beløpet i denne posten. Underhaldsbidrag til barn er ikkje skattepliktig og skal ikkje førast opp.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som tek imot

  • underhaldsbidrag frå fråskild/fråseparert ektefelle
  • uførerenter og livrenter i og utanfor arbeidsforhold
    • Når du teiknar ein avtale om uførepensjon med eit forsikringsselskap, får du utbetalt uførerenter ved uførleik. Utbetalinga skjer etter uføregraden.
    • Livrenter er utbetalingar frå ei livrenteforsikring. Livrenteforsikring er ein forsikringstype der ein ved laupande sparing eller ved innbetaling av eit eingongsbeløp sikrar seg sjølv eller andre laupande utbetalingar. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Underhaldsbidrag

Dersom bidragsytaren har betalt

  • ved trekk i lønn via arbeidsgivar eller
  • gjennom NAV Innkreving / Statens innkrevingssentral,

er posten normalt fylt ut med summen av det du har teke imot i bidrag.

Summen baserer seg på kva som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå NAV i januar eller februar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg ta kontakt med NAV for at samanstillinga og rapportering av bidraget skal bli rett.

Uførerenter og livrenter

Posten er normalt fylt ut med summen av det du har fått utbetalt i uførerenter og livrenter. Summen baserer seg på kva forsikringsselskapet har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i samanstillinga du får frå forsikringsselskapet i januar eller februar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg ta kontakt med forsikringsselskapet for at samanstillinga og rapportering av uføre-/livrentene skal bli rett.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om underhaldsbidrag, må du kunne dokumentere dette med samanstillinga frå NAV eller Statens innkrevingssentral.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om uførerenter eller livrenter, må du kunne dokumentere dette med samanstillinga frå forsikringsselskapet. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.