2.6.3 Barnepensjon

Post 2.6.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Barn som har mista éin av eller begge foreldra, kan få barnepensjon frå NAV eller forsikringsselskap. Dersom du har barn som er 16 år eller yngre, og ho/han har fått skattepliktig barnepensjon, skal du ta med inntekta i di skattemelding.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har barn som er 16 år eller yngre i inntektsåret, og som har fått barnepensjon anten gjennom folketrygda eller anna tenestepensjon.

Når du tek med barnepensjon i skattemeldinga di, må eit eventuelt skattetrekk i pensjonen takast med i ditt skatteoppgjer. Skatteoppkrevjaren/kemneren overfører som regel skattetrekket til deg som forelder, men det er viktig at du kontrollerer at dette er med i skatteoppgjeret ditt. Eit eventuelt skattetrekk i pensjon går fram av samanstillinga frå NAV eller forsikringsselskapet.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløpet barnet har teke imot i barnepensjon. Beløpet baserer seg på kva NAV eller forsikringsselskapet har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå NAV og/eller forsikringsselskapet. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga.

Du bør òg ta kontakt med NAV og/eller forsikringsselskapet for at samanstillinga og rapporteringa skal bli rett.

Du skal ikkje gjere noko i skattemeldinga til barnet når barnet blir likna saman med deg. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om barnepensjon, må du kunne dokumentere dette med samanstillinga frå NAV eller forsikringsselskapet. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.