2.7.11 Tillegg i alminneleg inntekt frå KS, ANS o.a. og del av felles tillegg i alminneleg inntekt frå KS, ANS o.a. (RF-1221)

Post 2.7.11 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna tillegg i alminneleg inntekt grunna utdeling frå selskapet som er gitt opp i skjema "RF-1221 Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting". Posten gjeld tillegg i og del av tillegg i inntekt frå næring og/eller når ektefellar fordeler tillegg i alminneleg inntekt mellom seg.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld desse personane:

  • Alle som er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetting, og som har eit utrekna tillegg i alminneleg inntekt i skjema RF-1221 Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting. Tillegget blir gitt på grunn av ei utdeling frå selskapet til deltakaren, til dømes utdeling av overskotsdel, gåve eller gratis bruk av eigedelane til selskapet.
  • Alle som er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetting som fordeler tillegg i alminneleg inntekt mellom seg og ektefellen.

Tillegg i alminneleg inntekt som ikkje blir fordelt mellom ektefellar, og som gjeld kategorien Fiske eller Familiebarnehage i eigen heim, fører du i post 2.7.10.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Eg er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetting

I post 2.7.11 fører du summen frå post 1143 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.11 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Eg er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetting som fordeler tillegg i alminneleg inntekt med ektefellen min

I post 2.7.11 fører du summen frå post 1243 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.11 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.