2.7.10 Tillegg i alminneleg inntekt frå KS, ANS o.a. som driv fiske eller familiebarnehage i eigen heim (RF-1221)

Post 2.7.10 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna tillegg i alminneleg inntekt grunna utdeling frå selskapet som er gitt opp i skjema RF-1221. Tillegg i alminneleg inntekt blir gitt på grunn av ei utdeling frå selskapet til deltakaren, til dømes ei gåve eller vederlagsfri bruk av eigedelane til selskapet. Posten gjeld inntekt frå fiske og/eller familiebarnehage i eigen heim i eit selskap med deltakarfastsetjing (KS, ANS, DA, indre selskap med meir) og/eller familiebarnehage i eigen heim.

Tillegg i alminnelig inntekt består av alle vederlagsfrie utdelingar frå selskapet til deltakaren, til dømes kontantoverføringar, overføringar av eigedelar, vederlagsfri bruk av selskapets eigedelar eller tjenesteytingar mv.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som

Gjeld det Anna næring, skal beløpet førast i post 2.7.11.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Eg har ein del i eit selskap med deltakarfastsetjing (RF-1221)

I post 2.7.10 fører du summen frå post 1143 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.10 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Eg driv familiebarnehage i eigen heim (RF-1221)

I post 2.7.10 fører du summen frå post 1143 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.10 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Fordeling mellom ektefellar

Dersom tillegg i alminneleg inntekt skal fordelast mellom ektefellar, fører du summen frå post 1243 i skjema RF-1221 i post 2.7.11.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.