2.7.6 Inntekt frå anna næring (RF-1175, RF-1167 eller RF-1242)

Post 2.7.6 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna næringsinntekt, gitt opp ved forenkla innrapportering, næringsrapport skatt, skjema RF-1175 Næringsoppgåve 1, RF-1167 Næringsoppgåve 2 eller skjema RF-1242 Næringsoppgåve for biletkunstnar.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som driv enkeltpersonsføretak i kategorien "Annen næring" og som har rekna ut eit overskot

Anna næring er all næring utanom skiferproduksjon i Nord-Troms eller Finnmark, skogbruk, jordbruk, gartneri, pelsdyrnæring og/eller fiske/fangst.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Eg er friteken frå å levere næringsoppgåve.

Er du friteken frå å levere næringsoppgåve, blir positivt driftsresultat frå vegvisaren for driftsinntekter og driftskostnader overført til denne posten i sjølvmeldinga.

Eg skal levere RF-1175 Næringsoppgåve 1 eller RF-1167 Næringsoppgåve 2

I post 2.7.6 fører du summen av kategorien Anna næring frå post 0402, kolonne E i skjema RF-1175 eller RF-1167. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.6 automatisk overført frå RF-1175 eller RF-1167.

Fordele mellom ektefellar

Blir næringsinntekt fordelt mellom ektefellar, fører du som er hovudutøvaren, summen av kategorien Anna næring i post 0402, kolonne F i skjema RF-1175 eller RF-1167 over til post 2.7.6. Hovudutøvaren er den som leverer næringsoppgåva i sitt namn.

Dersom du ikkje er hovudutøvar, fører du summen av kategorien Anna næring i post 0402, kolonne G i skjema RF-1175 eller RF-1167 , over til post 2.7.6 i skattemeldinga di. Næringsinntekt skal som ein hovudregel fordelast ut frå arbeidsinnsats. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.6 automatisk overført frå RF-1175 eller RF-1167.

Eg skal levere RF-1242 Næringsoppgåve for biletkunstnar

I post 2.7.6 fører du summen frå post 2.90 i skjema RF-1242. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.6 automatisk overført frå RF-1242-skjemaet. 

Kan eg levere næringsrapport skatt?

Sjekk om du kan levere næringsrapport skatt

 

Logg inn og fyll ut posten

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.