Alle temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser nå regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

2.8.1 Del av inntekt i bustadselskap/bustadsameige

Post 2.8.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har hatt i inntekter i samband med din part i burettslaget, bustadaksjeselskapet og/eller bustadsameiget. Inntektene gjeld renteinntektene og andre inntekter i selskapet/sameiget som skal fordelast mellom eigarane. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn frå bustadsameiget/bustadselskapet, så kontroller at alt er rett.

For deleigars/bustadsameigars del av formue i bustadselskap, sjå post 4.5.3.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som eig ein del i eit bustadselskap eller eit boligsameige.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløp for din del av inntektene i bustadselskapet/bustadsameiget. Beløpet/beløpa baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/bustadsameiget, såkontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå bustadselskapet/bustadsameiget i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte bustadselskapet/bustadsameiget for at årsoppgåva skal bli rett.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namn, inntekt og formue for selskapet/sameiget, og årsak til endringa.

Fordeling mellom ektefellar / registrerte partnarar / sambuarar

Dersom de ønskjer å fordele inntektene mellom dykk som ektefellar / registrerte partnarar / meldepliktige sambuarar, må de begge endre i skattemeldinga. Du må endre / leggje til informasjon om bustadselskap/bustadsameige, inntekt, formue og årsak til endring.

Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige skal fastsetjast kvar for seg for sin del av formuen/gjelda og inntekter/frådrag, og dei kan ikkje fritt fordele til dømes inntekter mellom seg.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på endringar du har gjort o.a., men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.