2.8.2 Nettoinntekt ved utleige m.m. av fast eigedom utanom næring (RF-1189)

Post 2.8.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna overskot ved utleige frå skjema RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som

  • har eit skattepliktig overskot ved utleige av eigedom (bustad, fritidsbustad, tomt med meir)
  • yter føderåd i form av burett utanom jord- og skogbruk har eit skattepliktig overskot ved utleige av eigedom som blir fordelt mellom ektefellar.

Utleige av eigen bustad

Utleigeinntekter frå eigen bustad er skattefrie når

  • du leiger ut mindre enn halvparten av bustaden, rekna etter utleigeverdi, eller
  • heile eller større delar av bustaden blir leigd ut for inntil 20 000 kroner i inntektsåret.

Med utleigeverdi meiner vi verdien på bustaden på den frie utleigemarknaden til det føremålet areala skal brukast til. Dette svarar ikkje nødvendigvis til arealforholdet, sjølv om det ofte er samanfallande. Skattefrie leigeinntekter skal ikkje førast i skattemeldinga.

Dersom du leiger ut meir enn halvparten av bustaden rekna etter utleigeverdien og/eller utleigeinntekta er 20 000 eller meir, må du skatte av heile inntekta og fylle ut skjema RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom. Det er rekna ut overskot frå det nemnde skjemaet, som skal førast inn i post 2.8.2 i skattemeldinga.

Tomt

Utleige av tomt er alltid skattepliktig.

Utleige til familiemedlemer

Dersom du leiger ut til nære familiemedlemer (til dømes barn, sysken, foreldre) og dei dekkjer alle løpande driftskostnader med bustaden, treng du ikkje fylle ut RF-1189 eller denne posten. Dersom den som bur der ikkje betalar noko, blir det å bu gratis rekna som ein skattepliktig fordel for leigetakaren.

Satsar og nøkkeltal

 

Sats for alminneleg inntektsskatt

For inntektsåret 2016 er skattesatsen på 25 prosent.

Leigeverdi av kårbustad

For inntektsåret 2016 skal bruttoleigeverdien av kårbustad fastsetjast etter desse satsane:

Bruksareal                         Leigeverdi
Over 100 kvadratmeter:    27 800 kroner
60-100 kvadratmeter:       20 800 kroner
Under 60 kvadratmeter:    13 900 kroner

Inntektsposten skal ikkje fyllast ut dersom kårmottakar ber alle driftskostnadene i samsvar med opphavleg kjøpekontrakt. Brutto kåryting skal førast til frådrag i post 3.3.3 i skattemeldinga til kårytaren, og ein skal ikkje ta denne med når ein fyller ut skjemaet RF-1189.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I post 2.8.2 fører du summen frå post 2.12 i skjema RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom. Når du leverer elektronisk, blir beløpet i post 2.8.2 automatisk overført frå RF-1189-skjemaet.

Utrekning
   Leigeinntekter
– frådrag
= resultat

Dersom resultatet er positivt (overskot), fører du overskotet i posten. Du betaler 25 prosent av overskotet i skatt. Dersom du får eit underskot, kan du krevje frådrag for dette i post 3.3.12.

Frådrag

Du kan mellom anna få frådrag for desse kostnadene knytte til utleigebustaden der utleigeinntekta er skattepliktig:
• straum
• telefon
• avskriving av inventar
• tilpassing til utleige
• vedlikehald, men ikkje standardheving eller standardendringar (påkostnader)
• reise til utleigebustaden med 3,80 kroner per kilometer. Dersom du reiser meir enn 10 dagar og ikkje overnattar, bruker du 1,50 kroner per kilometer for alle reisene.

Dette fører du som frådrag i utleigeinntekta i skjemaet RF-1189.

Frådrag for renter og fellesgjeld skal førast i post 3.3.1.

Fordele mellom ektefellar / registrerte partnarar / sambuarar

Fordeles resultatet mellom ektefeller/registrerte partnere/meldepliktige samboere, skal kun en av ektefellene mv. fylle ut RF-1189 skjema og oppgi den andres andel i post 2.11 i RF-1189.

Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige skal fastsetjast kvar for seg for sin del av formuen/gjelda og inntekter/frådrag, og dei kan ikkje fritt fordele til dømes leigeinntekter mellom seg.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.