2.8.3 Skattepliktig inntekt ved utleige av fritidseigedom som du sjølv har brukt

Post 2.8.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du inntekt på over 10 000 kroner frå utleige av fritidseigedom du også sjølv bruker.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som leiger ut fritidseigedom dei også bruker sjølv, og der leigeinntektene er på meir enn 10 000 kroner per år.

Dersom du leiger ut fleire fritidseigedomar, gjeld fribeløpet på 10 000 kroner for kvar eigedom.

Dersom du leiger ut ein fritidseigedom som du ikkje bruker sjølv (rekneskapsbehandling), skal du føre inntektene i post 2.8.2.

Leiger du ut fritidseigedom eller bustad i utlandet, skal du føre inntektene i post 2.8.5.

Satsar og nøkkeltal

Det er eit fribeløp på 10 000 kroner. Du blir skattlagd for 85 prosent av det som overstig fribeløpet.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du fører opp 85 prosent av dei utleigeinntektene som overstig 10 000 kroner (fritaksbehandling). Du får ikkje frådrag for utgifter til fritidseigedomen.

 

Døme: 

  Utleigeinntekter 15 000 kroner  
- Fribeløp 10 000 kroner  
= Sum 5 000 kroner  

 

Skattepliktig inntekt blir då 5000 kroner x 85 prosent = 4250 kroner, som du fører i post 2.8.3.

Eg leiger ut gjennom utleigebyrå/bookingfirma 

Du skattar av inntekta etter at provisjonen til utleigebyrået er trekt frå. Det gis ikkje frådrag for vedlikehaldskostnadar og andre løpande kostnadar knytt til fritidseigedomen.

Døme: 

 Utleigeinntekter            70 000 kroner

- Provisjon utleigebyrå   7000 kroner

- Fribeløp                       10 000 kroner

= Sum                            53 000 kroner

Skattepliktig inntekt blir då 53 000 kroner x 85 prosent = 45 050 kroner, som du fører i post 2.8.3.

Fritidseigedomen er eigd av fleire personar 

Fribeløpet på 10 000 kroner blir fordelt etter eigardelen til eigarane. Dersom fritidseigedomen har fleire bueiningar og sameigarane har eksklusiv bruksrett, har dei kvart sitt fribeløp på 10 000 kroner.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.