2.8.5 Inntekt frå fast eigedom i utlandet (RF-1189)

Post 2.8.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna overskot ved utleige frå skjema RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom.

Gjeld posten meg?

Inntekt frå fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig. Har du leigd ut eigedom i utlandet, skal du føre den skattepliktige inntekta her.

Utleige til familiemedlemer 

Dersom du leiger ut til familiemedlemer og dei dekkjer driftskostnader, treng du ikkje fylle ut RF-1189 eller denne posten. Dersom den som bur der, ikkje betaler noko, blir det rekna som fordel av gratis bustad, og vedkomande må då skatte av det.

Har Noreg skatteavtale med det landet der eigedomen ligg?

Dersom landet eigedomen ligg i har ein skatteavtale med Noreg som seier at fordelingsmetoden skal brukast, skal ikkje inntekta skattleggjast i Noreg. Her finn du ut kva land det gjeld.

Dersom landet eigedomen ligg i har ein skatteavtale med Noreg som seier at kreditmetoden skal brukast, kan inntekta skattleggjast i begge landa.

Dersom utleigeinntekta er skattlagd både i Noreg og i landet eigedomen ligg i, kan du krevje frådrag i norsk skatt for skatt du har betalt i utlandet (kreditfrådrag). Du må dokumentere skatten du har betalt, levere skjemaet RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag og huke av for Ja i post 1.5.6 for kreditfrådrag. Du kan ikkje krevje frådrag i norsk skatt for utanlandsk eigedomsskatt.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du må oppgje inntekten i utlandet i 2.8.5 og opplysningar om kva for eit land eigedomen ligg i. I posten fører du summen frå rubrikken Nettoinntekt nedst i skjema RF-1189. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.8.5 automatisk overført frå skjema RF-1189.

Utleige av fritidseigedom som eg òg bruker sjølv 

Inntekter som overstig 10 000 kroner frå utleige av fritidseigedom i utlandet som du bruker sjølv, skal du føre her.

Fordele mellom ektefellar 

Dersom inntekta blir fordelt mellom ektefellar, skal berre éin av ektefellane fylle ut RF-1189-skjemaet og oppgi den andre sin del i post 2.11 i RF-1189.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du krev kreditfrådrag må utliknet og betalt skatt i det andre landet dokumenteres.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.