3.2 Frådrag i tilknyting til arbeidsinntekt o.l.

Postane under 3.2 Frådrag i tilknyting til arbeidsinntekt o.l. gjeld frådrag som minstefrådrag, pendlarfrådrag, reisefrådrag, foreldrefrådrag, fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordning i arbeidsforhold.

Alle postar for 3.2 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 3.2.1 Minstefrådrag i eiga inntekt

    Denne posten viser kva du har fått i minstefrådrag. Minstefrådrag er eit standardfrådrag som alle som har arbeidsinntekter og/eller pensjon, får. Beløpet er fylt ut automatisk basert på opplysningar om inntekt og/eller pensjon.

  • 3.2.2 Faktiske kostnader

    I denne posten skal du føre frådrag for utgifter du har hatt knytt til arbeid og liknande, dersom dei er større enn minstefrådraget. Døme på slike kostnader: utgifter til arbeidsklede, faglitteratur, heimekontor, flyttekostnader på grunn av ny stilling, verktøyhald med meir.

  • 3.2.4 Minstefrådrag i ektefelletillegg

    Dersom du tek imot skattepliktig ektefelletillegg, får du eit særskilt minstefrådrag i dette. Dersom tillegget er fylt ut i skattemeldinga, er minstefrådraget òg ferdig fylt ut.

  • 3.2.5 Minstefrådrag i inntekta til barn

    Dersom du har barn som er yngre enn 13 år i inntektsåret, og som har skattepliktig arbeidsinntekt, blir det gitt eit minstefrådrag i inntekta til barnet. Dersom inntekta er fylt ut på førehand i post 2.4.1, er minstefrådraget automatisk rekna ut og fylt ut.

  • 3.2.6 Minstefrådrag i barnepensjon

    Får du barnepensjon, kan du sjå kva du får i minstefrådrag, i denne posten. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.2.7 Meirkostnader til mat (kost) og overnatting (losji) ved arbeidsopphald utanfor heimen

    Dersom du overnattar ein annan stad enn heime på grunn av jobb, kan du ha krav på frådrag for meirkostnader til mat (kost) og overnatting (losji) med meir.

  • 3.2.8 Frådrag for reise mellom heim og fast arbeidsstad (arbeidsreiser)

    Du får frådrag for kostnader til reiser mellom heim og fast arbeidsstad som overstig 22 000 kroner og opptil 70 500 kroner. Du har krav på frådraget uavhengig av dei faktiske utgiftene dine eller kva for transportmiddel du bruker. Frådraget blir rekna ut basert på reiseavstand. Beløpet kan vere førehandsutfylt ut frå opplysningane i skattemeldinga frå i fjor.

  • 3.2.9 Frådrag for reisekostnader ved besøk i heimen (besøksreiser)

    Dersom du på grunn av arbeid må bu utanfor heimen, kan du få frådrag for reisekostnadene mellom pendlarbustaden og heimen. Det blir gitt frådrag for kostnader som overstig 22 000 kroner og opptil 70 500 kroner. Frådraget blir rekna ut basert på reiseavstand.

  • 3.2.10 Foreldrefrådrag

    Har du utgifter til pass av barn som er yngre enn 12 år i inntektsåret, og/eller barn som er 12 år eller eldre, som har særskilt behov for omsorg og pleie, kan du få frådrag for dette. Frådraget er avgrensa til 25 000 kroner for eitt barn og 15 000 kroner i tillegg for kvart barn utover det første.

  • 3.2.11 Fagforeiningsfrådrag

    Denne posten viser kva du har betalt inn i fagforeiningskontingent opp til maksimalbeløpet på 3850 kroner per år. Beløpet er normalt førehandsutfylt, så kontroller at det er rett.

  • 3.2.12 Premie til pensjonsordning i arbeidsforhold

    Denne posten omfattar frådragsberettiget innbetaling til pensjonsordning i Noreg og i ein annan EØS-stat.

    Posten omfattar innbetaling til ei utanlandsk pensjonsordning som ikkje oppfyller dei norske krava etter føretakspensjonslova, innskotspensjonslova og tenestepensjonslova.

  • 3.2.13 Særskilt frådrag for sjøfolk

    Denne posten viser kva du har rett på i særskilt frådrag for sjøfolk ut frå kva arbeidsgivaren din har rapportert inn i post 2.1.2.

  • 3.2.14 Særskilt frådrag for fiskarar og fangstmenn

    Denne posten viser kva du har rett på i særskilt frådrag for fiske og fangst ut frå kva som har blitt rapportert inn av lott frå arbeidsgivar, eller kva som er rekna ut i RF-1213 Fiske dersom du er næringsdrivande innan kategorien Fiske

  • 3.2.15 Jordbruksfradrag (RF-1177)

    I denne posten fører du utrekna jordbruksfrådrag frå skjema RF-1177 Landbruk.

  • 3.2.16 Særskilt frådrag for reindriftsverksemd (RF-1177)

    Denne posten gjeld deg som driv reindrift. Posten viser kva du har rett på i særskilt frådrag for reindriftsverksemd frå skjema RF-1177 Landbruk.

  • 3.2.17 Særskilt frådrag for skiferproduksjon i Nord-Troms og Finnmark

    I denne posten fører du særskilt frådrag for skiferproduksjon i Nord-Troms og Finnmark.

  • 3.2.18 Premie til eiga tilleggstrygd for næringsdrivande

    I denne posten fører du beløpet du har betalt inn i premie til folketrygda for å få ei høgare dekning av inntektstap ved sjukdom. Beløpet er ikkje førehandsutfylt. Du må henta beløpet frå næringsoppgåven.

  • 3.2.19 Underskot (RF-1175, RF-1167, RF-1242, RF-1221) og underskot ved forenkla innrapportering

    I denne posten fører du utrekna næringsunderskot, gitt opp ved forenkla innrapportering (Vegvisar), "Næringsrapport skatt" eller i skjema RF-1175 Næringsoppgåve 1, RF-1167 Næringsoppgåve 2, RF-1242 Næringsoppgåve for biletkunstnar og/eller RF-1221 Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting. Her fører du også gjennomsnittsoverheng i inntekt frå skogbruk, sjå nedanfor.