3.2.1 Minstefrådrag i eiga inntekt

Post 3.2.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i minstefrådrag. Minstefrådrag er eit standardfrådrag som alle som har arbeidsinntekter og/eller pensjon, får. Beløpet er fylt ut automatisk basert på opplysningar om inntekt og/eller pensjon.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har arbeidsinntekter, godtgjersler, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, dagpengar og/eller pensjon og uføretrygd etter folketrygdlova kapittel 12 og uføreytingar fra andre ordningar. 

Satsar og nøkkeltal

Satsen for minstefrådrag i lønnsinntekt og/eller visse trygdeytingar:

  • inntekt inntil 31 800 kroner: minstefrådraget er lik lønna.
  • inntekt mellom 31 801 og 73 954 kroner: minstefrådraget er 31 800 kroner.
  • inntekt mellom 73 955 og 212 674 kroner: minstefrådraget er 43 prosent av inntekta.
  • inntekt over 212 675 kroner: minstefradråget er 91 450 kroner.

Satsen for minstefrådrag i pensjonar, periodiske ytinger mv. utan visse trygdeytinger:

  • inntekt inntil 4 000 kroner: minstefrådraget er lik summen av slike inntektar.
  • inntekt mellom 4 001 og 13 794: minstefrådraget er 4 000 kroner.
  • inntekt mellom 13 795 og 253 793: minstefrådraget er 29 prosent av inntekt.
  • Inntekt over kr 253 794: minstefrådrag er 73 600 kroner.

Minstefrådraget blir rekna ut automatisk når inntekta er rapportert inn, og er ferdig fylt ut i sjølvmeldinga. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom du har kontrollert at alle beløpa i post 2.1 og post 2.2 er rette, treng du ikkje gjere noko i post 3.2.1.

Men dersom du endrar noko i post 2.1 og/eller post 2.2, verkar det inn på beløpet i post 3.2.1. Når du endrar elektronisk, blir beløpet oppdatert automatisk.

Høgare kostnader enn minstefrådraget = frådrag for faktiske kostnader 

Dersom du har kostnader knytte til skattepliktig inntekt som overstig det utrekna minstefrådraget i post 3.2.1, kan du få frådrag for desse kostnadene i staden for minstefrådrag. Dette fører du i post 3.2.2.

Men hugs: du kan ikkje krevje minstefrådrag i tillegg til faktiske kostnader. Du kan anten krevje minstefrådrag eller frådrag for faktiske kostnader.

Feil minstefrådrag? 

Dersom du er busett i utlandet og berre har vore i Noreg delar av året, får du minstefrådrag ut frå talet på heile eller påbyrja månader du er i Noreg.

Talet på månader står i skattemeldinga di og er rekna ut basert på kva opplysningar du gav opp då du søkte om skattekort. Så sjekk at det er rett.

Dersom

  • du har opphelde deg fleire månader i Noreg enn det som er fylt ut i skattemeldinga,

  • minst 90 prosent av inntektene dine blir skattlagde i Noreg (gjeld EØS-borgarar),

  • du har vore i Noreg i meir enn 183 dagar over ein periode på 12 månader og/eller 270 dagar over ein periode på 36 månader,

må du endre beløpet i post 3.2.1 og forklare årsaka til at du har endra opplysningane i post 5.0.

Du må rekne ut nytt minstefrådrag slik:

Døme: 

Då du søkte om skattekort, opplyste du om at du skulle vere i Noreg frå 3. januar til 25. mai (fem månader). Men sidan du fekk utvida arbeidskontrakt, blei du verande i Noreg fram til 16. desember (12 månader). Den totale lønnsinntekta di er på 400 000 kroner.

Basert på det du fylte ut på skattekortet, er det i post 3.2.1 i skattemeldinga ferdig fylt ut eit minstefrådrag på 38 104 kroner (91 450 / 12 x 5).

Sidan opphaldet ditt blei på 12 månader – og ikkje 5 – må du endre beløpet i post 3.2.1 til 91 450 kroner.

Logg inn, og fyll ut posten.

Levere på papir 

Dersom du endrar noko i post 2.1 og/eller post 2.2, verkar det inn på beløpet i post 3.2.1. Beløpet blir oppdatert automatisk dersom du endrar elektronisk. Om du endrar på papir, må du òg endre i post 3.2.1.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.