3.2.10 Foreldrefrådrag

Post 3.2.10 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Har du utgifter til pass av barn som er yngre enn 12 år i inntektsåret, og/eller barn som er 12 år eller eldre, som har særskilt behov for omsorg og pleie, kan du få frådrag for dette. Frådraget er avgrensa til 25 000 kroner for eitt barn og 15 000 kroner i tillegg for kvart barn utover det første.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld foreldre som har hatt utgifter til barnepass for barn dei bur saman med, og der barnet er yngre enn 12 år i inntektsåret. Dette kan vere utgifter til:

  • barnehage  
  • dagmamma
  • skulefritidsordning/idrettsfritidsordning
  • køyring til og frå desse dersom det er ein omveg til jobben
  • betaling for formidling av barnepasstenester

Fradragsrett for kostnader til fritidsordning utenom skulefritidsordninga gjeld fritidstilbud i regi av klubbar og foreiningar med aktivitetar innom t.d. idrett, teater, korpsmusikk, barnekor, kulturskule mv. Det er eit vilkår at ordninga må være etablert som eit fullverdig alternativ til skulefritidsordning på barneskule, både med hensyn til tidsrom og regularitet. Dersom aktiviteten går føre seg i helg eller på kveldstid eller kun i skuleferien, gis det ikke frådrag. Se meir om alternativ fritidsordning her.

Posten gjeld òg foreldre som har hatt tilsynsutgifter for barn som er 12 år eller eldre ,når barnet har særskilt behov for omsorg og pleie på grunn av handikap eller liknande.

Det gis ikkje frådrag for utgifter til kost/mat.

Tilskot frå arbeidsgivar til barnehage

Dersom du har fått tilskot frå arbeidsgivar til barnehage, blir beløpet som blir skattlagd, rekna som kostnad til pass og stell i tillegg til eigenbetalinga.

Satsar og nøkkeltal

Det blir gitt frådrag for legitimerte kostnader til pass og stell av barn med inntil 25 000 kroner for eitt barn, og 15 000 kroner i tillegg for kvart barn utover det første.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut på førehand med beløp du har betalt. Beløpet baserer seg på kva den du har betalt til, har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Innrapportert beløp / frådragsbeløpet blir automatisk fordelt likt mellom ektefellar/sambuarar med felles barn.

Dersom du som einsleg forsørgjar har fått stønad til barnetilsyn (sjå samanstillinga frå NAV over årets stønadar), fører stønaden du har teke imot, til at utrekningsgrunnlaget for frådrag blir redusert. Du får foreldrefrådrag i den grad utgiftene dine overstig stønaden.

Når posten ikkje er fylt ut med noko beløp

Fyll ut posten med informasjon om:

  • kven du har betalt til
  • beløp du har betalt
  • årsaka til at du endrar (feil/manglande innrapportering eller overføring mellom ektefelle/sambuar)

Dersom du har fått stønad til barnetilsyn (sjå samanstillinga frå NAV over årets stønadar), må du òg gi opp reduksjonen, som er heile beløpet du fekk frå NAV.

Køyring til og frå barnehage/SFO

Du kan få frådrag for køyring til barnehage, SFO eller dagmamma dersom det er ein omveg til jobben. Det er kostnadene til den ekstra køyringa som gir rett til frådrag. Det blir gitt frådrag med 1,50 kroner per kilometer eller for faktiske kostnader ved bruk av kollektivt transportmiddel.

Ektefellar

Ektefellar har eit felles maksimumsbeløp for frådrag. Dei kan fordele frådraget fritt mellom seg dersom dei ikkje ønskjer å fordele frådraget med ein halvpart på kvar, men begge må då endre i skattemeldinga. Det gjeld òg der frådraget gjeld barn som ikkje er felles barn. Når ekteskapet er inngått i løpet av inntektsåret: Dersom de til dømes har eitt særkullsbarn kvar (og ikkje har felles barn), kan de velje om de vil føre det opp som kvart dykkar barn eller 2 barn felles, altså maksimalt 2 x 25 000 kroner eller 40 000 kroner i frådrag.

Sambuarar

Sambuarar med felles barn kan fordele frådraget fritt mellom seg dersom dei ikkje ønskjer å fordele frådraget med ein halvpart på kvar, men begge må då endre i skattemeldinga si. For sambuarar som ikkje har felles barn, blir foreldrefrådraget gitt til den som er far eller mor til særkullsbarnet.

Samlivsbrot

Frådraget blir gitt til den som barnet har budd saman med størstedelen av året. Dersom de ønskjer å endre den ferdigutfylte verdien, må begge endre i skattemeldinga. Dersom den tidlegare partnaren din ikkje vil endre, må du endre hos deg og skrive ei grunngiving i post 5.0.

Logg inn, og fyll ut posten.

Levere på papir

Du spesifiserer frådrag for reise til og frå barnehage/dagmamma/SFO i post 5.0 Tilleggsopplysningar dersom du leverer skattemeldinga på papir.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, gjeld dette:

  • For kostnader til pass og stell som ikkje er fylt ut på førehand i skattemeldinga, må du kunne dokumentere dette med originalbilag der namn og adresse for mottakaren er oppført.
  • Dersom du krev frådrag for pass og stell av barn som er 12 år eller eldre, på grunn av særskilt behov for omsorg og pleie, må du kunne dokumentere desse behova med attest frå lege, barnevern eller liknande.
  • Det er eit krav at utgifter som overstig 10 000 kroner på årsbasis, må vere betalte via bank eller ved trekk i lønn for at du skal få frådrag. Du må kunne dokumentere betaling med bankutskrift eller lønnsslipp.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.