Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

3.2.12 Premie til pensjonsordning i arbeidsforhold

Post 3.2.12 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten omfattar frådragsberettiget innbetaling til pensjonsordning i Noreg og i ein annan EØS-stat.

Posten omfattar innbetaling til ei utanlandsk pensjonsordning som ikkje oppfyller dei norske krava etter føretakspensjonslova, innskotspensjonslova og tenestepensjonslova.

Gjeld posten meg?

Innbetaling til norsk pensjonsordning i arbeidsforhold

Du får frådrag for premie til:

  • kommunal pensjonsordning

  • Norges Bank si pensjonskasse

pensjonsordning etter føretakspensjonslova

  • pensjonsordning etter innskotspensjonslova

  • pensjonsordning etter tenestepensjonslova

  • pensjonsordning i statleg bedrift

  • i Statens pensjonskasse eller

  • for tariffesta pensjon

Innbetaling til utanlandsk pensjonsordning – tenestepensjonsordning i arbeidsforhold i ein annan EØS-stat

Dersom du er statsborgar i ein annan EØS-stat og har inntekt frå arbeid eller verksemd i Noreg, kan du få frådrag for innbetalingar til ei utanlandsk pensjonsordning. Du kan få frådrag for innbetalingar direkte til pensjonsordninga eller innbetalingar som er gjort ved at arbeidsgivar har trekt deg i lønn.

Føresetnadene for å få frådrag er at

  • pensjonsordninga er etablert i eit selskap eller ei innretning i ein annan EØS-stat.
  • du har vore medlem av denne ordninga i minst eitt år før skatteplikta til Noreg blei etablert
  • den utanlandske pensjonsordninga gav rett til frådrag i den andre EØS-staten
  • alderspensjon er både ei obligatorisk yting og hovudyting i den utanlandske pensjonsordninga

Det blir kravd at Noreg har inngått ein avtale om å utveksle opplysningar med den andre EØS-staten der pensjonsordninga er etablert. Dersom det ikkje ligg føre ein slik avtale, er det tilstrekkeleg at du på førespurnad legg fram ei erklæring frå offentleg myndigheit i den andre staten som stadfestar forhold som er viktige for frådragsretten.

Er du medlem i både ei norsk og ei utanlandsk pensjonsordning, får du berre frådrag for innbetalingar til den norske ordninga.

Den øvre grensa for frådrag følgjer av tenestepensjonslova. Dersom du er næringsdrivande, er frådraget avgrensa til maksimalt innskot etter innskotspensjonslova.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Innbetaling til norsk pensjonsordning i arbeidsforhold

Posten er normalt fylt ut med beløpet du har betalt i premie. Beløpet baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av arbeidsgivaren din, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren din for at den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk skal bli rett.

Logg inn, og fyll ut posten.

Innbetaling til utanlandsk pensjonsordning – tenestepensjonsordning i arbeidsforhold i ein annan EØS-stat

Du må sjølv føre opp den frådragsgivande innbetalinga. I tillegg må du opplyse om i kva for EØS-stat pensjonsordninga er etablert, namnet på den som tilbyr pensjonen og dato for oppstart for pensjonsordninga i EØS-staten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon som viser at både du, pensjonstilbydaren og pensjonsordninga oppfyller dei krava som blir stilte for frådragsrett, dersom skattekontoret ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.