3.2.15 Jordbruksfradrag (RF-1177)

Post 3.2.15 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna jordbruksfrådrag frå skjema RF-1177 Landbruk.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som har næringsinntekt frå verksemd innan jordbruk, gartneri, hagebruk, honningproduksjon og/eller pelsdyrnæring.

Satsar og nøkkeltal

Det blir gitt frådrag på inntil 63 500 kroner per år for jordbruksverksemd. Dersom du har inntekt over 63 500 kroner, blir det i tillegg gitt eit frådrag på 38 prosent. Maksimalt samla frådrag er 166 400 kroner.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du summen frå post 438 i skjema RF-1177. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 3.2.15 automatisk overført frå RF-1177.

Fordele mellom ektefellar

Dersom næringsinntekt og jordbruksfrådrag skal fordelast mellom ektefellar, fører du som er hovudutøvar, beløpet frå post 441.2 i skjema RF-1177 over til post 3.2.15. Hovudutøvaren er den som leverer næringsoppgåva i sitt namn. Du som ikkje er hovudutøvar, fører beløpet frå post 441.3 i RF-1177 over til post 3.2.15 i skattemeldinga di. Ektefelle skal ikkje levere eige RF-1177. Næringsinntekt og jordbruksfrådrag skal som ein hovudregel fordelast ut frå arbeidsinnsats.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.