3.2.16 Særskilt frådrag for reindriftsverksemd (RF-1177)

Post 3.2.16 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten gjeld deg som driv reindrift. Posten viser kva du har rett på i særskilt frådrag for reindriftsverksemd frå skjema RF-1177 Landbruk.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som har drive reindrift minst halvparten av inntektsåret.

Både jordbruk, skiferproduksjon og/eller reindrift – kombinasjon av særskilte frådrag

Dei særskilte frådraga innan reindrift, jordbruk eller skiferproduksjon kan ikkje til saman vere på meir enn 166 400 kroner.

Satsar og nøkkeltal

Særskilt frådrag for reindrift:

  • Næringsinntekt frå 0 til 63 500 kroner: Frådraget er lik næringsinntekta.
  • Næringsinntekt 63 500 til 334 290 kroner: Frådraget er 63 500 kroner pluss 38 prosent av inntekt over 63 500 kroner.
  • Næringsinntekt over 334 290 kroner: Frådraget er 166 400 kroner.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du beløpet frå post 334 i skjema RF-1177. Når du leverer elektronisk, blir beløpet i post 334 automatisk overført frå RF-1177 til post 3.2.16 i skattemeldinga.

Fordele mellom ektefellar

Dersom næringsinntekt og frådrag for reindrift blir fordelt mellom ektefellar, skal ektefellen føre beløpet frå post 442.3 i RF-1177 over i post 3.2.16 i skattemeldinga si. Ektefelle skal ikkje levere eige RF-1177. Næringsinntekt og jordbruksfrådrag skal fordelast ut frå arbeidsinnsats.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.