3.2.19 Underskot (RF-1175, RF-1167, RF-1242, RF-1221) og underskot ved forenkla innrapportering

Post 3.2.19 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna næringsunderskot, gitt opp ved forenkla innrapportering (Vegvisar), "Næringsrapport skatt" eller i skjema RF-1175 Næringsoppgåve 1, RF-1167 Næringsoppgåve 2, RF-1242 Næringsoppgåve for biletkunstnar og/eller RF-1221 Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting. Her fører du også gjennomsnittsoverheng i inntekt frå skogbruk, sjå nedanfor.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld desse personane:

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Eg er friteken frå å levere næringsoppgåve

Er du friteken frå å levere næringsoppgåve, blir negativt driftsresultat frå vegvisaren for driftsinntekter og driftskostnader overført til denne posten i skattemeldinga.

Eg skal levere RF-1175 Næringsoppgåve 1 eller RF-1167 Næringsoppgåve 2

I post 3.2.19 fører du beløpet frå post 0402 i skjema RF-1175 eller RF-1167. Når du leverer elektronisk, blir beløpet i post 3.2.19 automatisk overført frå RF-1175 eller RF-1167.

Fordele mellom ektefellar

Underskot i verksemd skal tilordnast den av ektefellane som er ansvarleg innehavar av verksemda, eventuelt begge dersom begge er ansvarlege. Ein ektefelle som ikkje er ansvarleg innehavar, kan ikkje få tilordna del av underskot sjølv om vedkomande kunne ha fått tilordna overskot etter reglane om felles bedrift på grunnlag av arbeidsinnsats.

Dersom næringsunderskot blir fordelt mellom ektefellar, fører du i post 3.2.19 beløpet frå post 0402 (kolonne F) i skjema RF-1175 eller RF-1167. Næringsunderskot skal fordelast ut frå arbeidsinnsats. Når du leverer elektronisk, blir beløpet i post 3.2.19 automatisk overført frå RF-1175 eller RF-1167.

Eg skal levere RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetting

I post 3.2.19 fører du summen frå post 1140 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 3.2.19 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Fordele mellom ektefellar

Dersom næringsunderskot blir fordelt mellom ektefellar, fører du i post 3.2.19 beløpet frå post 1240 i skjema RF-1221.

Eg skal levere RF-1242 Næringsoppgåve for biletkunstnar

I post 3.2.19 fører du summen frå post 2.90 i skjema RF-1242. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 3.2.19 automatisk overført frå RF-1242-skjemaet.

Eg skal levere "Næringsrapport skatt"

Næringsrapport skatt er ein elektronisk løysing å levera på for bedrifter med enkle skattemessige forhold. Dersom løysinga passer for din bedrift, anbefal vi at du bruker denne når du leverar skattemeldinga.

Test om Næringsrapport skatt passar for din bedrift.

 

Logg inn, og fyll ut posten

 

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.