3.2.2 Faktiske kostnader

Post 3.2.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten skal du føre frådrag for utgifter du har hatt knytt til arbeid og liknande, dersom dei er større enn minstefrådraget. Døme på slike kostnader: utgifter til arbeidsklede, faglitteratur, heimekontor, flyttekostnader på grunn av ny stilling, verktøyhald med meir.

Gjeld posten meg?

Alle med lønnsinntekt får automatisk eit minstefrådrag. Dersom du har hatt større utgifter enn minstefrådraget, kan du krevje frådrag for faktiske kostnader i staden for minstefrådrag.

Døme på kostnader du kan krevje frådrag for:

  • arbeidsklede (spesielle klede som er ueigna til privat bruk, til dømes uniform/verneklede)
  • faglitteratur
  • heimekontor
  • flyttekostnader på grunn av ny stilling
  • underskot på køyre- eller kostgodtgjersle samanlikna med staten sine satsar
  • kostnader til å halde deg oppdatert på faget ditt eller halde ved like utdanninga di
    • reise utan overnatting ved jobbintervju
    • frivillig sjuke- og ulykkesforsikring (avgrensa til 700 kroner, ektefellar kan til saman ikkje krevje høgare frådrag enn 700 kroner)
    • kost på tenestereiser utan overnatting
    • kost ved fråvær frå heimen på 12 timar eller meir utan overnatting i samband med overtid, vakter, lang reise fram og tilbake til arbeidet, og så vidare
    • oppdragstakaren sin premie til frivillig trygd i dei første 16 dagane for vikar
    • transport på tenestereiser/yrkesreiser
    • verktøyhald

Dersom du pendlar, kan du få frådrag for kost og losji i samband med pendlinga i post 3.2.7.

Satsar og nøkkeltal

Satsen for minstefrådrag:

  • Inntekt under 31 800 kroner: Minstefrådraget er lik lønna.
  • Inntekt mellom 31 801 og 73 954 kroner: Minstefrådraget er 31 800 kroner.
  • Inntekt mellom 73 955 og 212 674 kroner: Minstefrådraget er 43 prosent av inntekta.
  • Inntekt over 212 674 kroner: Minstefrådraget er 91 450 kroner

Minstefrådraget blir rekna ut automatisk når inntekta er rapportert inn, og er ferdig fylt ut i skattemeldinga.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Legg saman alle kostnadene du har hatt, og før beløpet i posten. Sidan du krev frådrag for faktiske kostnader, må du slette minstefrådraget i post 3.2.1 ved å setje verdien til 0.

Hugs: du kan ikkje krevje minstefrådrag i tillegg til faktiske kostnader. Du kan anten krevje minstefrådrag eller frådrag for faktiske kostnader. 

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere

  • kostnadene du krev frådrag for, med kvittering, bilag eller liknande
  • at kostnader over 10 000 kroner er betalt via bank (krav for å ha rett på frådrag) Dette må dokumenterast med bankutskrift.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.