3.2.5 Minstefrådrag i inntekta til barn

Post 3.2.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du har barn som er yngre enn 13 år i inntektsåret, og som har skattepliktig arbeidsinntekt, blir det gitt eit minstefrådrag i inntekta til barnet. Dersom inntekta er fylt ut på førehand i post 2.4.1, er minstefrådraget automatisk rekna ut og fylt ut.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld dersom du har barn som er yngre enn 13 år i inntektsåret og barnet har hatt meir enn 10 000 kroner totalt i skattepliktig arbeidsinntekt i løpet av året. Det er foreldra som blir skattlagde av inntekta, og du har rett på minstefrådrag i inntekta til barnet/barna. Minstefrådraget skal førast i denne posten.

Når foreldra bur saman, blir barnet likna med begge foreldra. Inntekta til barnet og minstefrådraget blir fordelt mellom foreldra.

Arbeidsinntekt under 10 000 kroner hos barn under 13 år er vanlegvis skattefri, og dermed er det ikkje noko minstefrådrag i inntekta, og du skal ikkje bruke denne posten. Dersom barnet er 13 år eller eldre, skal du bruke post 3.2.1.

Fosterforeldre

Posten gjeld ikkje dersom du får fosterheimsgodtgjersle. Dersom fosterforholdet har karakter av adopsjon og du ikkje får fosterheimsgodtgjersle for barnet, gjeld posten også deg når barnet har arbeidsinntekt.

Dersom du ikkje bur saman med mora/faren til barnet

Dersom foreldra ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje Folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp arbeidsinntekta og minstefrådraget. Men dersom den andre forelderen har hatt det meste av omsorga i løpet av året, kan den forelderen føre opp inntekta og minstefrådraget i staden for den andre.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift, blir inntekta til barnet og minstefrådraget delt mellom deg og ektefellen din. Ektefellen din, som ikkje er den biologiske faren eller mora til barnet, kan føre over all inntekt og minstefrådrag på deg.

Satsar og nøkkeltal

Satsen for minstefrådrag:

  • Arbeidsinntekt under 10 000 kroner: skattefri.
  • Arbeidsinntekt under 31 800 kroner: Minstefrådraget er lik lønna.
  • Arbeidsinntekt mellom 31 801 og 73 954 kroner: Minstefrådraget er 31 800 kroner.
  • Arbeidsinntekt mellom 73 955 og 212 674 kroner: Minstefrådraget er 43 prosent av lønna.
  • Arbeidsinntekt over 212 675 kroner: Minstefrådraget er 91 450 kroner.

Minstefrådraget blir rekna ut automatisk når inntekta er rapportert inn, og er ferdig fylt ut i sjølvmeldinga.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Er inntekta rapportert inn av arbeidsgivar, kjem posten til å vere fylt ut med halvparten på kvar av foreldra når foreldra bur saman. Når foreldra ikkje bur saman, er minstefrådraget fylt ut hos den av foreldra som barnet er registrert busett saman med ved utgangen av inntektsåret. Det er éin post for kvart barn. Kontroller at alt er rett.

Dersom du ønskjer å endre beløpet, må du endre inntekta i post 2.4.1. og minstefrådraget i post 3.2.5. Minstefrådraget blir fylt ut automatisk når du leverer elektronisk.

Ektefellar kan fordele inntekta og minstefrådraget fritt mellom seg. Det gjeld også når barnet ikkje er eit felles barn.  Minstefrådraget blir rekna ut basert på den totale arbeidsinntekta til barnet. Dersom de endrar fordelinga, må begge endre det i sjølvmeldinga.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp fødselsnummeret og minstefrådraget til barnet/barna. Det er éin post for kvart barn.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom inntekta ikkje er rapportert inn til skattestyresmaktene, må du ta vare på lønnsslipp og/eller lønns- og trekkoppgåva frå arbeidsgivar for å kunne dokumentere inntekta dersom vi spør om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.