3.2.6 Minstefrådrag i barnepensjon

Post 3.2.6 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Får du barnepensjon, kan du sjå kva du får i minstefrådrag, i denne posten. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som er

  • 17 år eller eldre og tek imot barnepensjon
  • foreldre til barn som er 16 år eller yngre som tek imot barnepensjon

Minstefrådrag i barnepensjon kjem i tillegg til minstefrådrag i eventuell lønnsinntekt.

Fosterforeldre og foreldre til barn som er 16 år eller yngre som tek imot barnepensjon

Dersom det er fleire barn som tek imot barnepensjon, får du minstefrådrag for kvart av barna.

Minstefrådraget blir rekna ut av heile barnepensjonen uavhengig av korleis foreldra har fordelt barnepensjonen mellom seg i sjølvmeldinga. Minstefrådraget blir deretter fordelt mellom foreldra i same forhold som barnepensjonen er fordelt mellom dei.

Dersom foreldra ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp barnepensjonen og minstefrådraget. Dersom denne forelderen ikkje har hatt omsorga for barnet det meste av året, kan han eller ho krevje at barnepensjonen og minstefrådraget blir ført på den andre forelderen som har hatt omsorga for barnet det meste av året.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift, blir pensjonen til barnet og minstefrådraget delt mellom deg og ektefellen din. Om ektefellen din ikkje er den biologiske faren eller mora til barnet, kan ektefellen din føre all barnepensjon og minstefrådrag over på deg.

Satsar og nøkkeltal

Satsen for minstefrådrag i barnepensjon:

  • Pensjon 4000 kroner eller lågare: Minstefrådraget er lik pensjonen.
  • Pensjon frå og med 4001 kroner til og med 13 794 kroner: Minstefrådraget er 4000 kroner.
  • Pensjon frå og med 13 795 kroner til og med 253 793 kroner: Minstefrådraget er 29 prosent av pensjonen.
  • Pensjon 253 794 kroner eller høgare: Minstefrådraget er 73 600 kroner.

 

Minstefrådraget blir rekna ut automatisk når inntekta er rapportert inn, og er ferdig fylt ut i sjølvmeldinga.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Minstefrådrag i barnepensjon for barn som i inntektsåret er 16 år eller yngre, skal reknast ut frå beløp i post 2.6.3. Ønskjer du å endre minstepensjonen, må du endre barnepensjon i post 2.6.3. Minstepensjon for barn som er 17 år eller eldre i inntektsåret, er ført i post 2.2.1.

Eg er forelder til barn som er 16 år eller yngre som tek imot barnepensjon

Foreldre kan fordele barnepensjonen og minstefrådraget fritt mellom seg. Men hugs at dersom du endrar, må også den andre forelderen endre i si sjølvmelding.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namnet på utbetalaren, fødselsnummeret til barnet/barna og minstefrådraget. Hugs at du må føre éin post for kvart barn.

Logg inn, og fyll ut posten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.