3.2.4 Minstefrådrag i ektefelletillegg

Post 3.2.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du tek imot skattepliktig ektefelletillegg, får du eit særskilt minstefrådrag i dette. Dersom tillegget er fylt ut i skattemeldinga, er minstefrådraget òg ferdig fylt ut.

Gjeld posten meg?

Satsen for minstefrådrag i ektefelletillegg:

  • Ektefelletillegg under 4 000 kroner: Minstefrådraget er lik ektefelletillegget
  • Ektefelletillegg mellom 4 000 kroner og 13 794 kroner: Minstefrådraget er 4 000 kroner
  • Ektefelletillegg mellom 4 000 kroner og 253 793 kroner: Minstefrådraget er 29 prosent av ektefelletillegget.
  • Ektefelletillegg over 253 794 kroner: Minstefrådraget er 73 600 kroner.

Det blir ikkje gitt særskilt minstefrådrag i ektefelletillegg der dette ikkje er skattepliktig.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Minstefrådraget blir rekna ut og fylt ut automatisk når ektefelletillegget er rapportert inn.

Denne posten endrar du berre dersom du endrar post 2.2.4.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.