3.2.7 Meirkostnader til mat (kost) og overnatting (losji) ved arbeidsopphald utanfor heimen

Post 3.2.7 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du overnattar ein annan stad enn heime på grunn av jobb, kan du ha krav på frådrag for meirkostnader til mat (kost) og overnatting (losji) med meir.

Gjeld posten meg?

Pendlar

Dersom du overnattar ein annan plass enn heime på grunn av jobb, kan du vere pendlar og ha krav på frådrag for meirutgifter. Du kan sjekke om du er pendlar, i Pendlarvegvisaren. Der får du òg vite kva utgifter du kan krevje frådrag for.

I tillegg kan du ha krav på frådrag for reiser mellom heimen og pendlarbustaden, sjå post 3.2.9.

Dersom pendlarbustaden din ligg eit stykkje frå arbeidsstaden, kan du òg ha krav på frådrag for reiser mellom pendlarbustaden og arbeidsstaden, sjå post 3.2.8.

Utgifter i samband med arbeidsopphald utanfor heimen utan overnatting inngår i post 3.2.1 eller skal førast  i post 3.2.2.

Utgifter til mat ved reise mellom pendlarstaden og heimstaden (besøksreiser)

Du kan krevje frådrag for meirutgifter til kost (mat) ved besøksreiser når reisa ikkje medfører overnatting, men varer i 6 timar eller meir.

Det gjeld òg når du har fri kost på arbeidsstaden. 

Sjøfolk

For sjøfolk er normalt utgifter til kost dekt av arbeidsgivaren. Det vert ikkje gitt frådrag uten at skattyter godtgjer at han har dekt kostnadene sjølv. Det er frå og med inntektsåret 2016 ikkje frådragsrett for småutgifter etter sats. Sjøfolk som av hensyn til arbeidet bur utenfor heimet, og har fri kost om bord, har imidlertid krav på frådrag for dokumenterte småutgifter som f.eks. ekstra utgifter til telefonsamtaler og avis. Sjå meir her.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

For sjøfolk som har vore om bord på fartøy, er denne posten normalt fylt ut med eit beløp ut frå kor mange dagar arbeidsgivar har rapportert inn den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får i januar. Det er viktig å kontrollere at dette er rett. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren for at samanstillinga skal bli rett.

Satsar og nøkkeltal

Mat (kost)

Satsane for meirutgifter til mat (kost) avheng av korleis du bur.

  • Hotell med frukost: 568 kroner per døgn.
  • Hotell utan frukost: 710 kroner per døgn.
  • Bustad med kokemoglegheiter: 200 kroner per døgn.
  • Bustad utan kokemoglegheiter: 307 kroner per døgn

Subsidiert kost, kokkelag, kantine eller messe

Dersom arbeidsgivaren din subsidierer maten ved at du berre betaler ein låg eigendel, får du frådrag for eigendelen du betaler, men med reduksjon for kostinnsparing (87 kroner).

Dersom du har tilgang til kokkelag, kantine eller messe der du kan kjøpe frukost, lunsj og middag, får du frådrag etter sats, med 200 kroner per døgn uavhengig av korleis du har budd. Dette gjeld mellom anna for tilsette i Forsvaret som har tilgang til kantine eller messe.

Arbeidsgivar dekkjer heile eller delar av utgiftene

Dersom arbeidsgivar dekkjer meirutgiftene dine etter sats, får du ikkje frådrag.

Dersom arbeidsgivaren din dekkjer meirutgiftene dine til mat (kost) og overnatting (losji) med eit beløp som er lågare enn satsane over, får du frådrag for differansen mellom sats og beløpet du har motteke.

Døme: Du er pendlar og arbeidsgivaren din betaler 150 kroner for kvart døgn du har vore på arbeidsstaden. Frådraget ditt per døgn er 200 – 150 = 50 kroner.

Losji (utgifter til å bu)

Du får frådrag for dei reelle utgiftene dine til å bu (leige, faste utgifter til pendlarbustad med meir). Dersom du overnattar i eiga campingvogn, er det ein fast sats: 58 kroner per døgn

Kostinnsparing

Dersom du får fri kost, blir du skattlagd for kostinnsparing med 87 kroner per døgn.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Summen av frådrag for meirkostnader til kost og losji skal førast i post 3.2.7. Slik endrar du posten.

Du får berre frådrag for utgifter du dekkjer sjølv. Dersom arbeidsgivaren din dekkjer heile eller delar av utgiftene, må du trekkje frå dette.

Døme:

Du søv 200 netter på hotell med frukost.

200 døgn x 568 kroner (sats for hotell med frukost) = 113 600 kroner i kost

I tillegg har du betalt 79 358 kroner for overnatting på hotellet.

  Kost 113 600 kroner  
+ Losji/overnatting 79 358 kroner  
= Sum 192 958 kroner  

Du fører totalsummen, 192 958 kroner, i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Du kan bruke pendlervegvisaren for å sjå kva du kan krevje frådrag for, og kva satsar som gjeld for situasjonen din.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dokumentasjonen du må kunne leggje fram, avheng av kva du krev frådrag for, men det generelle kravet er at du må kunne dokumentere alle utgifter du krev frådrag for.

Utgifter til losji som overstig 10 000 kroner per år, kan du berre få frådrag for når det er betalt via bank eller ved trekk i lønn. Dette må du kunne dokumentere med bankutskrift eller lønnsslipp dersom vi spør om det.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.