3.2.8 Frådrag for reise mellom heim og fast arbeidsstad (arbeidsreiser)

Post 3.2.8 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Du får frådrag for kostnader til reiser mellom heim og fast arbeidsstad som overstig 22 000 kroner og opptil 70 500 kroner. Du har krav på frådraget uavhengig av dei faktiske utgiftene dine eller kva for transportmiddel du bruker. Frådraget blir rekna ut basert på reiseavstand. Beløpet kan vere førehandsutfylt ut frå opplysningane i skattemeldinga frå i fjor.

Gjeld posten meg?

Hovudregelen er at du skal ha fulltidsjobb heile året med minst 64 kilometer tur-retur mellom fast arbeidsstad og bustaden din for å kunne få reisefrådrag. Reisevegen blir rekna som talet på kilometer den kortaste vegen, uavhengig av kva veg du køyrer, kva transportmiddel du bruker, eller om du sit på med andre.

Køyring til barnehage

Køyring av barn til barnehage eller skule på veg til eller frå jobb blir ikkje rekna med som ein del av arbeidsreisa. Men du kan ha krav på frådrag for dette i post 3.2.10.

Overnatte borte på grunn av jobb

Dersom du overnattar ein annan stad enn heime på grunn av jobb, kan du ha krav på pendlarfrådrag, sjå post 3.2.9 og 3.2.7.

Yrkesreiser

Køyring til og frå møte, rett heimefrå til møte og mellom ulike kundar blir rekna som yrkesreiser og inngår i post 3.2.1 Minstefrådrag, eventuelt i post 3.2.2 Faktiske utgifter.

Dersom du har fleire spørsmål om kva som kan reknast med i reisefrådraget, kan du sende oss ein e-post.

Satsar og nøkkeltal

Sats: 1,50 kroner per kilometer for inntil 50 000 kilometer i året. Deretter 0,70 kroner per kilometer. Det blir gitt frådrag inntil 75 000 kilometer i året.

Eigendelen: 22 000 kroner.

Maksimalt reisefrådrag: 70 500 kroner og gjelder summen av arbeidsreiser og besøksreiser fra post 3.2.9.

I tilfeller hvor samla besøks- og arbeidsreiser overstiger 50 000 km. for inntektsåret, og du kan dokumentera høgre transportkostnader (ekskl. bom, ferge mv.) enn standard avstandsfrådrag, kan du få frådrag for desse transportkostnadene med kr 1,50 pr. km. for den totale reiseavstanden. Det visast her til Skatte-ABC, tema "Reise mellom hjem og fast arbeidssted".

Talet på dagar: Du skal bruke det faktiske talet på dagar du har reist til jobben. Ved fulltidsarbeid dreier deg seg normalt om 230 arbeidsdagar i året. Fråvær på grunn av sjukdom, yrkesreiser, permisjon og liknande skal trekkjast frå hvis det utgjer meir enn 15 arbeidsdager per år. Er du deltidstilsett eller jobbar skift, skal du bruke det faktiske talet på reiser.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom du har hatt reisefrådrag tidlegare og ikkje har flytta eller bytt jobb, skal reisefrådraget være fylt ut i skattemeldinga. Kontroller at det stemmer med reisene for året.

Informasjonen manglar eller er feil

Dersom informasjonen er feil eller manglar, endrar eller fører du opp:

  • talet på dager
  • avtand (kilometer tur-retur) per dag
  • eventuelle bompengar. Bompengar førast i feltet for ferje/bompengar.
  • årsaka til endring.

Sjå korleis du endrar eller legg til reisefrådrag

Døme:

Avstanden frå heimen til arbeidsstaden er 35 kilometer éin veg, det vil seie 70 kilometer tur-retur. Ved daglege reiser i eitt år blir frådraget slik:

70 kilometer x 230 dager x 1,50 kroner: 24 150 kroner

- Eigendel:                                              22 000 kroner

= Frådrag                                                 2 150 kroner

Du fører 2 250 kroner i post 3.2.8 i skattemeldinga. Når du leverer elektronisk, fyller du berre ut spesifikasjon av reisefrådrag:

Post 3.2.8: 230 dagar à 70 kilometer (tur-retur)

Du kan bruke reisefrådragskalkulatoren for å rekne ut ditt fradrag.

Bompengar eller ferjeutgiftar

I visse tilfelle kan du ha krav på frådrag for utgifter til bompengar og ferje i tillegg til reisefrådraget. For å kunne krevje frådrag for ferje eller bompengar må du ha behov for bil, og utgiftene må overstige 3 300 kroner per år. 

Behov for bil

Dersom bruk av bil inneber minst to timar kortare reise- eller ventetid per dag, samanlikna med bruk av rutegåande transportmiddel, har du behov for bil.

Når utgiftene overstig 3 300 kroner

Ein får frådrag for utgifter til bompengar når summen av kostnadene til ferje og bompengar (etter det rimelegaste billettalternativet) overstig 3 300 kroner per år. Dersom du har ei abonnementsordning eller eit rabattkort for bompassering/ferjebruk, er det den rabatterte prisen som gjeld når ein vurderer om det kan givast frådrag og eventuelt kor stort frådraget blir.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Det faste frådraget for arbeidsreise får du uavhengig av kva faktiske utgifter du har hatt, og dermed er det ikkje noko krav til dokumentasjon av dette.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere dette:

  • Utgiftene dine dersom du krev frådrag for utgifter til bom, ferje eller flyreiser. Utgifter til bom og ferje skal dokumenterast med originalbillett. Dersom du krev frådrag for utgifter til bom, må du òg kunne gjere greie for at du sparer minst to timar i reise-/ventetid ved å bruke bil i staden for rutegåande transportmiddel.
  • Utgiftene dine dersom du krev frådrag for meir enn 0,70 kroner per kilometer for ei reisestrekning på over 50 000 kilometer per år.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.