3.3 Kapitalkostnader og andre frådrag

Postane under 3.3 Kapitalkostnader og andre frådrag gjeld frådrag som gjeldsrenter, innbetaling til individuell pensjonsordning, tap ved sal av fast eigedom, del av kostnader i bustadselskap/-sameige, tap ved sal av aksjar eller partar i verdipapirfond, underskot ved utleige av fast eigedom, framførbart underskot frå tidlegare år og gåver.

Alle postar for 3.3 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 3.3.1 Gjeldsrenter

    Denne posten viser kva du har betalt i gjeldsrenter og/eller forseinkingsrenter, og ein eventuell rentefordel du har fått som følgje av rimeleg lån frå arbeidsgivar. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.3.2 Gjeldsrenter utlandet

    I denne posten fører du opp kva du har betalt i gjeldsrenter i utlandet.

  • 3.3.3 Føderådsytingar/underhaldsbidrag

    Dersom du betaler eit regelmessig bidrag til ein annan person, kan du i nokre tilfelle få frådrag for bidraget du har betalt.

  • 3.3.4 Del av kostnader i bustadselskap og i bustadsameige

    Denne posten viser kva du har hatt i kostnader i samband med din del av burettslag, bustadaksjeselskap og/eller bustadsameige. Kostnadene kan gjelde renteutgiftene til selskapet/sameiget og andre kostnader som skal fordelast mellom dei som eig partar. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/-sameiget, så kontroller at alt er rett.

  • 3.3.5 Frådragsgivande innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) – norsk og utanlandsk pensjonsordning

    Denne posten omfattar frådragsgivande innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) i Noreg og i ein annan EØS-stat.

    Posten omfattar innbetaling til ei utanlandsk pensjonsordning som ikkje oppfyller dei norske krava etter lov om individuell pensjonsordning (IPS).

  • 3.3.6 Tap ved sal av fast eigedom som gir rett til frådrag

    I denne posten fører du utrekna rettkommen tap ved sal av fast eigedom, som bustad og tomt. Hovudregelen er at du får frådrag for tap dersom ein eventuell gevinst hadde vore skattepliktig, og eigartid og butid avgjer om gevinsten er skattepliktig. Ein eventuell gevinst fører du i post 2.8.4.

  • 3.3.7 Andre frådrag

    I denne posten fører du frådrag som ikkje blir dekte av dei andre postane. Nokre av frådraga kan vere rapporterte inn og fylt ut i skattemeldinga, mens andre frådrag må du fylle ut sjølv. Hugs å kontrollere at alt er rett.

  • 3.3.8 Tap ved sal av aksjar mv. (RF-1088)

    Denne posten skal vere førehandsutfylt med netto aksjetap frå norske aksjeselskap og utanlandske selskap som er registrerte på Oslo Børs, og som går fram av RF-1088 Aksjeoppgåva.

  • 3.3.9 Tap ved sal av partar i verdipapirfond

    Denne posten viser kva du har hatt i frådragsgivande tap ved sal av part i verdipapirfond. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.3.10 Tap ved sal av aksjar o.l (RF-1059)

    I denne posten fører du utrekna tap ved sal av aksjar og/eller verdipapirfond som ikkje er førehandsutfylte i post 3.3.8 eller 3.3.9.

  • 3.3.11 Framførbart underskot frå tidlegare år

    Denne posten viser kva du har i ubrukt underskot frå siste års skattefastsetjing. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.3.12 Underskot ved utleige av fast eigedom utanfor næring (RF-1189)

    I denne posten fører du utrekna underskot ved utleige frå post 2.12 i skjema RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom.

  • 3.3.13 Tap andre finansprodukt

    Denne posten skal vere førehandsutfylt og kan berre nyttast for desse finansielle instrumenta som er handla gjennom Oslo Børs / VPS eller gjennom andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar: