3.3.1 Gjeldsrenter

Post 3.3.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har betalt i gjeldsrenter og/eller forseinkingsrenter, og ein eventuell rentefordel du har fått som følgje av rimeleg lån frå arbeidsgivar. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som har betalt gjeldsrenter og/eller forseinkingsrenter til kredittinstitusjon i Noreg, og alle som har hatt rentefordel av lån frå arbeidsgivar.

Du kan òg krevje frådrag for:

  • kostnader ved opptak av lån, også etableringsgebyr
  • finansieringskostnader i samband med konvertering av lån for å få lågare rente, også kostnader til takstmann
  • renter på lån frå arbeidsgivar og private långivarar (til dømes familiemedlemer)
  • gebyr knytt til individuell nedbetaling av partshavar sin del av fellesgjeld i bustadselskap
  • betalte forseinkingsrenter av gjeldsrenter, og renter og kostnader ved kredittkjøp
  • renter på lån i utlandet som du fører i post 3.3.2

Du kan IKKJE krevje rentefrådrag for dette:

  • Renter som har forfalle, men som du ikkje har betalt i 2016 (med mindre dei inngår i bokføringspliktig verksemd). Slike renter får du først frådrag for det året du betaler dei. For studielån i Lånekassen blir det òg berre gitt frådrag for renter som er betalte.
  • Inkassogebyr og kostnader i samband med inkasso.
  • Rentetillegg på restskatt (gjeld ikkje forseinkingsrenter).

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut på førehand med beløp du har betalt i gjeldsrenter og/eller forseinkingsrenter. Beløpa baserer seg på kva den som har fått betaling av deg, har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå långivarar i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte den du har lånt pengar av, for at årsoppgåva skal bli rett.

Din skatt blir redusert med 25 prosent av det du har betalt i renter og satt til fradrag.

Døme: Om du krev frådrag for 10 000 kroner i renteutgifter, kan du få 2 500 kroner mindre i skatt på inntekta. Det betyr 10 000 kroner x 0,25 = 2 500 kroner.

Slik endrar du betalte renter og gjeld i skattemeldinga

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namn på långivar, gjeld, gjeldsrenter og eventuelt årsak til endring.

Lån frå arbeidsgivar

Rentefordel av rimeleg lån frå arbeidsgivar blir normalt fylt ut basert på kva som er rapportert inn av arbeidsgivar, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren for at årsoppgåva skal bli rett.

Privat lån

Dersom du har privat lån som du har betalt renter på, kan du føre opp rentene her. Du må gi opp informasjon om långivar, gjeld, gjeldsrenter og årsak til endring.

Fordeling av gjeldsrenter mellom ektefellar/sambuarar/medlånetakarar

Sjølv om du har lån saman med ein annan, blir det berre rapportert inn frå banken på éin av dykk. Korleis de kan fordele lånet, avheng av om de er gifte eller ikkje. Denne fordelinga må de gjere på nytt kvart år i skattemeldinga, og begge må endre.

Totalsummen må uansett vere den same. Dersom til dømes gjeldsrenter blir reduserte med 10 000 kroner hos den eine, må dei auke med 10 000 kroner hos den andre. Du må endre eller leggje til informasjon om långivar, gjeld, gjeldsrenter og årsak til endring.

Ektefellar

Ektefellar kan fordele både gjeld og gjeldsrenter som dei vil, men det må bli 100 prosent til saman.

Sambuarar

Sambuarar skal fordele gjelda og gjeldsrentene slik det står i lånepapira, dersom de har lånet saman. De må då fordele både gjelda og gjeldsrentene etter kor mange prosent de eig kvar. Kontroller at de står oppførte som sambuarar i post 1.3.

Dersom de skriv ein kontrakt dykk imellom der de fordeler lånet på ein annan måte, til dømes fordi den eine har låg inntekt, kan gjelda og rentene fordelast etter denne kontrakten.

Samlivsbrot

Dersom den tidlegare partnaren din ikkje vil endre gjelda og gjeldsrentene, kan du gjere det i di skattemeldingg og forklare i post 5.0 kvifor du gjer det. Dersom de var sambuarar, må du òg kontrollere at de ikkje lenger står oppførte som sambuarar i post 1.3.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller tilføyer informasjon om gjeldsrenter, må du kunne dokumentere dette med årsoppgåve eller stadfesting frå kredittinstitusjonen dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.