3.3.10 Tap ved sal av aksjar o.l (RF-1059)

Post 3.3.10 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna tap ved sal av aksjar og/eller verdipapirfond som ikkje er førehandsutfylte i post 3.3.8 eller 3.3.9.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har selt:

  • aksjar/eigenkapitalbevis i norske og utanlandske selskap i løpet av året med tap som gir rett til frådrag
  • med tap på aksjedel i norske og utanlandske verdipapirfond
  • obligasjonar med tap som gir rett til frådrag

Dersom tapa allereie er fylt ut i skattemeldinga, treng du ikkje gjere noko.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Aksjar

Salg av aksjer og aksjeandelen i verdipapirfond mv som du har oppgitt i skjema RF-1059 Aksjar og fondspartar, blir automatisk overført frå post 902 i skjemaet til skattemeldinga.

Verdipapirfond

For aksjeandelen i verdipapirfond skal du oppgi tap i skjema RF-1059 Aksjer og fondsandeler mv. dette blir automatisk overført til skattemeldingen. Tap på rentedelen i verdipapirfond som ikke er forhåndsutfylt må du selv føre opp i post 3.3.9. i skattemeldingen.

Obligasjonar

Du treng ikkje levere RF-1059 ved tap på sal av obligasjonar. Tapet fører du direkte i post 3.3.10 i skattemeldinga.

Logg inn, fyll ut posten.

 

 

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Du må på førespurnad kunne leggje fram dokumentasjon på og utrekning av tapet dersom du har selt obligasjonar og andre verdipapir med tap som ikkje går fram av RF-1059.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.