3.3.11 Framførbart underskot frå tidlegare år

Post 3.3.11 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har i ubrukt underskot frå siste års skattefastsetjing. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har eit ubrukt underskot frå siste års skattefastsetjing.

Frådrag som ikkje kan gi eller auke eit underskot:

Underskotet kan falle bort i desse tilfella:

  • Dersom underskotet kjem frå næringsverksemd som blei avslutta i 2005 eller tidlegare. Dette er på grunn av den dåverande 10-årsfristen.
  • Dersom du har fått ettergitt gjeld gjennom gjeldsforhandling eller konkurs.
  • Dersom du har tilbakeført underskot til tidlegare år dersom verksemda er avslutta.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløp frå siste års fastsetjing, så kontroller at dette er rett.

Du kontrollerer det mot siste års skatteoppgjer.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.