3.3.12 Underskot ved utleige av fast eigedom utanfor næring (RF-1189)

Post 3.3.12 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna underskot ved utleige frå post 2.12 i skjema RF-1189 Utleige m.m. av fast eigedom.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har:

  • eit underskot ved utleige av eigedom - bustad, fritidsbustad, tomt med meir - som gir rett til frådrag
  • eit underskot ved utleige av eigedom i samband med kårbustad som gir rett til frådrag
  • eit underskot ved utleige av eigedom som gir rett til frådrag, og som blir fordelt mellom ektefellar

Utleige av bustad med same seksjonsnummer som du bur i

Utleige er skattefritt dersom du leiger ut halvparten eller mindre av bustaden, og du treng då ikkje fylle ut denne posten. Halvparten eller mindre gjeld utleigeverdien av bustaden og ikkje storleiken  (areal) av bustaden.

Dersom du leiger ut meir enn halvparten av bustaden, rekna etter utleigeverdien, og utleigeinntekta er under 20 000 kroner per år, er inntekta skattefri, og då treng du ikkje fylle ut denne posten.

Dersom du leiger ut meir enn halvparten av bustaden, rekna etter utleigeverdien og utleigeinntekta er 20 000 eller meir, må du skatte av heile inntekta og fylle ut skjema RF-1189.

Tomt

Utleige av tomt er alltid skattepliktig.

Utleige til familiemedlemer

Dersom du leiger ut til nære familiemedlemer og dei dekkjer dei laupande driftskostnader, treng du ikkje fylle ut RF-1189 eller denne posten. Dersom den som bur der, ikkje betaler noko, blir det rekna som fordel av gratis bustad, og leigetakar må då skatte av det.

Satsar og nøkkeltal

Sats for alminneleg inntektsskatt

For inntektsåret 2016 er skattesatsen på 25 prosent.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I post 3.3.12 fører du beløpet frå post 2.12 i skjema RF-1189.

Når du leverer elektronisk, blir summen i post 3.3.12 automatisk overført frå skjema RF-1189.

Utrekning

Leigeinntekter

– frådrag

= resultat

Dersom resultatet er negativt (underskot), fører du underskotet i posten. Enkelt sagt, vil utrekna skatt for inntektsåret 2016 verte redusert med 25 prosent av det du set til frådrag. Dersom du får eit overskot, skal du føre dette som inntekt i post 2.8.2.

Frådrag

Du kan mellom anna få frådrag for desse kostnadane i utleigebustaden når utleigeinntekten er skattepliktig:

  • straum
  • telefon
  • avskriving av inventar
  • tilpassing til utleige
  • vedlikehald, men ikkje standardheving
  • reise til utleigebustaden med 3,80 kroner per kilometer. Dersom du reiser meir enn 10 dagar og ikkje overnattar, bruker du 1,50 kroner per kilometer for alle reisene.

Dette fører du som frådrag i utleigeinntekta.

Frådrag for renter og fellesgjeld fører du i post 3.3.1.

Fordele mellom ektefellar / registrerte partnarar / sambuarar

Dersom de ønskjer å fordele inntektene mellom dykk som ektefellar / registrerte partnarar / meldepliktige sambuarar, må de begge endre i skattemeldinga. Du må endre / leggje til informasjon om bustadselskap/bustadsameige, inntekt, formue og årsak til endring.

Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige skal fastsetjast kvar for seg for sin del av formuen/gjelda og inntekter/frådrag, og dei kan ikkje fritt fordele til dømes inntekter mellom seg.

 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.