3.3.13 Tap andre finansprodukt

Post 3.3.13 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten skal vere førehandsutfylt og kan berre nyttast for desse finansielle instrumenta som er handla gjennom Oslo Børs / VPS eller gjennom andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar:

-ETN (Exchange Traded Notes)
-Warrants
-Teikningsrettar
-Kurstap Valutalån

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har:

  • tap i ETN-ar, warrants, teikningsrettar og/eller valutalån som er handla gjennom Oslo Børs / Verdipapirsentralen (VPS) eller andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar.
  • tap i ETN-ar, warrants, teikningsrettar og/eller valutalån som er handla utanfor Oslo Børs / Verdipapirsentralen (VPS) (anten i Noreg eller i utlandet) eller gjennom andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar.

Der tap ikkje er førehandsutfylt må du sjølv føre opp tapet i denne posten.

Nytt i år

Teikningsrettar frå VPS og kurstap på (somme) valutalån blir førehandsutfylte.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er vanlegvis førehandsutfylt og baserer seg på kva VPS/banken/bankane har rapportert inn, så kontroller at alt er korrekt. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå Verdipapirsentralen (VPS) eller banken/bankane i januar.

Dersom beløpet er feil, må du sjølv endre det i sjølvmeldinga. Du bør òg kontakte finansinstitusjonen/-institusjonane du har handla gjennom for at årsoppgåva skal bli korrekt.

Informasjon manglar

Du må òg føre opp årsaka til kvifor du endrar posten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.