3.3.2 Gjeldsrenter utlandet

Post 3.3.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du opp kva du har betalt i gjeldsrenter i utlandet.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som har betalt gjeldsrenter til utanlandsk långivar.

Eg bur i Noreg

Er du skattemessig busett i Noreg, har du krav på frådrag for gjeldsrenter. Frådraget for gjeldsrenter blir avgrensa dersom:

  • du utøver/deltek i verksemd i utlandet og inntekter frå verksemda er unnatekne skattlegging i Noreg etter skatteavtale

  • du eig fast eigedom i utlandet og inntekter frå eigedomen er unnatekne skattlegging i Noreg etter skatteavtale

Frådraget skal likevel ikkje avgrensast dersom du eig bustad eller fritidsbustad i ein annan EØS-stat og skatteavtalen seier at inntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg.

For 2016 gjeld dette Belgia, Italia og Kroatia. Har du kravd frådrag for gjeldsrenter i det landet bustaden eller fritidsbustaden ligg i, kan du ikkje trekkje frå dette beløpet i Noreg.

Eg bur i utlandet

Dersom du ikkje er skattemessig busett i Noreg, har du i utgangspunktet berre krav på frådrag for gjeldsrenter som er knytte til fast eigedom i Noreg eller næringsverksemd som er skattepliktig i Noreg.

Er du busett i ein EØS-stat, kan du likevel få frådrag for gjeldsrentene dersom heile eller tilnærma heile (90 prosent av) den samla inntekta di er skattepliktig i Noreg. Dersom du har inntekt frå fast eigedom eller verksemd i utlandet som er unnateke skattlegging i Noreg etter skatteavtale, blir derimot frådraget for gjeldsrenter avgrensa.

Frådraget skal likevel ikkje avgrensast dersom du eig bustad eller fritidsbustad i ein annan EØS-stat og skatteavtalen seier at inntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg.

For 2016 gjeld dette Belgia, Italia og Kroatia. Har du kravd frådrag for gjeldsrenter i det landet bustaden eller fritidsbustaden ligg i, kan du ikkje trekkje frå dette beløpet i Noreg.

Krev du standardfrådrag i post 3.3.7, kan du ikkje krevje frådrag for gjeldsrenter i post 3.3.2.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du fører opp informasjon om namn på långivar, gjeld i norske kroner, gjeldsrenter i norske kroner og gjennomsnittleg valutakurs i posten.

Du skal bruke gjennomsnittskursen frå Noregs Bank

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør, må du kunne dokumentere dette:

  • Gjeld og gjeldsrenter med stadfesting frå låneinstitusjonen.
  • Dersom du har bustad/fritidsbustad i ein annan EØS-stat, må du kunne dokumentere at du ikkje har kravd frådrag for gjeldsrentene i det landet bustaden ligg i.
  • Dersom du ikkje er skattemessig busett i Noreg og krev frådrag for gjeldsrenter, må du kunne dokumentere at heile eller tilnærma heile inntekta er skattepliktig i Noreg. Samanlikningsgrunnlaget er den samla inntekta di før frådrag i dei ulike landa.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.