3.3.3 Føderådsytingar/underhaldsbidrag

Post 3.3.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du betaler eit regelmessig bidrag til ein annan person, kan du i nokre tilfelle få frådrag for bidraget du har betalt.

Du kan òg få frådrag for føderådsytingar. Ei føderådsyting er til dømes det at nokon får bu i eller bruke bustaden/eigedomen du eig, vederlagsfritt.

Gjeld posten meg?

Dersom du skal få frådrag for bidraget, må bidraget du betaler vere skattepliktig for mottakaren. Enkelt forklart kan du få frådrag for det du gir, så lenge den som får bidraget, betaler skatt av det du har gitt.

Døme på bidrag eller føderådsytingar du kan få frådrag for:

  • Bidrag til tidlegare ektefelle. Dette kallar vi underhaldsbidrag.
  • Dersom du har kjøpt ein eigedom og betalinga er at seljaren skal få rett til såkalla årlege ytingar (til dømes burett).

Du får ikkje frådrag for barnebidrag.

Betaler du underhaldsbidrag som utgjer meir enn 10 000 kroner i løpet av eit år, må bidraget vere betalt via bank for at du skal kunne krevje frådrag for beløpet.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du fører opp namnet på mottakaren, bustadkommunen til mottakaren, fødselsdatoen til mottakaren og bidragsbeløpet du har betalt.

Dersom frådraget gjeld føderådsyting, skal du føre opp den årleg fastsette verdien (til dømes verdien av buretten) i staden for betalt bidrag. Du finn verdien av føderådsytinga i overtakings-/salsavtalen for eigedomen det gjeld.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere dette:

  • storleiken på føderådsytinga (med overtakings-/salskontrakt frå overtakingstidspunktet)
  • underhaldsbidraget (med bankutskrift og avtale om inngått underhaldsbidrag)

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.