3.3.4 Del av kostnader i bustadselskap og i bustadsameige

Post 3.3.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har hatt i kostnader i samband med din del av burettslag, bustadaksjeselskap og/eller bustadsameige. Kostnadene kan gjelde renteutgiftene til selskapet/sameiget og andre kostnader som skal fordelast mellom dei som eig partar. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/-sameiget, så kontroller at alt er rett.

For deleigars/bustadsameigars del av gjeld i bustadselskap, sjå post 4.8.2.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som eig ein part i eit bustadselskap eller bustadsameige.

Det er først og fremst sameigars/andelshavars andel av sameiget/bustadselskapets rentekostnadar som skal frådragførast i post 3.3.4. Andre frådrag kan også være frådragsberettiget, for eksempel:

  • Andel av tap ved realisasjon av eit sameige/bustadselskaps eigendelar, eigendomar, anlegsmidlar e.l.
  • Andel av bustadselskapets felles frådragsberettigede kostnadar knytt til pensjonspremie til heiltidsanstelde, andel av bustadselskapets felles frådragsberettigede kostnadar som ikkje har tilknyting til bustadkomplekset (t.d. realisert aksjetap)
  • Gebyr til andelseigare knytt til IN-lån (Individuell nedbetaling av fellesgjeld) vil være frådragsberettiget uansett om kravet kommer frå eit bustadselskap eller ein annan forretningsførar.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløp for din del av kostnadene i bustadselskapet/bustadsameiget. Beløpet/beløpa baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/bustadsameiget, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå bustadselskapet/bustadsameiget i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte bustadselskapet/bustadsameiget for at årsoppgåva skal bli rett.

Når noko manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namn på selskapet/sameiget, kostnader, gjeld og årsak til endringa.

Fordeling mellom ektefellar/registrerte partnarar/sambuarar

Dersom de ønskjer å fordele inntektene mellom dykk som ektefellar / registrerte partnarar / meldepliktige sambuarar, må de begge endre i skattemeldinga. Du må endre / leggje til informasjon om bustadselskap/bustadsameige, inntekt, formue og årsak til endring.

Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige skal fastsetjast kvar for seg for sin del av formuen/gjelda og inntekter/frådrag, og dei kan ikkje fritt fordele til dømes inntekter mellom seg.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.