3.3.5 Frådragsgivande innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) – norsk og utanlandsk pensjonsordning

Post 3.3.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten omfattar frådragsgivande innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) i Noreg og i ein annan EØS-stat.

Posten omfattar innbetaling til ei utanlandsk pensjonsordning som ikkje oppfyller dei norske krava etter lov om individuell pensjonsordning (IPS).

Gjeld posten meg?

Innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) i Noreg

Har du sjølv betalt inn til individuell pensjonsordning, må

  • betalinga ha skjedd innan utgangen av inntektsåret

  • du ha inngått ein avtale om individuell pensjonsordning med ein institusjon som har fått løyve av norske styresmakter til å drive slik verksemd.

Har du blitt skattlagd for fordelen av at arbeidsgivar har betalt inn til individuell pensjonsordning, må betalinga ha skjedd innan utgangen av inntektsåret.

Innbetaling til individuell pensjonsordning i ein annan EØS-stat

Dersom du er statsborgar i ein annan EØS-stat og har inntekt frå arbeid eller verksemd i Noreg, kan du få frådrag for innbetalingar til ei utanlandsk pensjonsordning. Du kan få frådrag for innbetalingar direkte til pensjonsordninga eller innbetalingar som er gjort ved at arbeidsgivar har trekt deg i lønn.

Føresetnaden for å få frådrag er at

  • pensjonsordninga er etablert i eit selskap eller ei innretning i ein annan EØS-stat. 
  • du har vore medlem av denne ordninga i minst eitt år før skatteplikta til Noreg blei etablert
  • den utanlandske pensjonsordninga gav rett til frådrag i den andre EØS-staten
  • alderspensjon er både ei obligatorisk yting og hovudyting i den utanlandske pensjonsordning.

Det blir kravd at Noreg har inngått ein avtale om å utveksle opplysningar med den andre EØS-staten der pensjonsordninga er etablert. Dersom det ikkje ligg føre ein slik avtale, er det tilstrekkeleg at du på førespurnad legg fram ei erklæring frå offentleg myndigheit i den andre staten som stadfestar tilhøve som er viktige for frådragsretten.

Er du medlem i både ei norsk og ei utanlandsk pensjonsordning, får du berre frådrag for innbetalingar til den norske ordninga.

Satsar og nøkkeltal

Innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) i Noreg

Den årlege innbetalinga og det årlege frådraget kan berre utgjere kr 15 000 per år.

Innbetaling til individuell pensjonsordning i ein annan EØS-stat.

Er du medlem i både ei norsk og ei utanlandsk individuell pensjonsordning, får du berre frådrag for innbetalingar til den norske ordninga.

Dersom du ikkje har ei norsk individuell pensjonsordning, kan du få frådrag for innbetalingar til ei utanlandsk individuell pensjonsordning. Den øvre grensa for frådrag følgjer då av tenestepensjonslova. For utøvaren av verksemda er frådraget avgrensa til maksimalt innskot etter innskotspensjonslova.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Innbetaling til individuell pensjonsordning (IPS) i Noreg

Posten er normalt fylt ut på førehand med beløp du har betalt inn. Beløpet baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av den som du har inngått pensjonsordninga med, eller av arbeidsgivaren som har utført innbetalingane på vegner av deg.

Det er viktig å kontrollere at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i

  • årsoppgåva dersom du har betalt inn direkte til institusjonen

  • eller i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk dersom arbeidsgivar har betalt inn på vegner av deg. 

Beløpet er feil

Dersom beløpet er feil, endrar du det. Du bør òg kontakte institusjonen du har inngått avtalen med, eller arbeidsgivar, for at oppgåva skal bli rett.

Når noko manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre namnet på selskapet og det frådragsgivande beløpet i posten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Innbetaling til individuell pensjonsordning i ein annan EØS-stat

Du må sjølv føre opp den frådragsgivande innbetalinga. I tillegg må du opplyse om i kva for EØS-stat pensjonsordninga er etablert, namnet på den som tilbyr pensjonen og dato for oppstart for pensjonsordninga i EØS-staten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere endringar du har gjort i posten, med den årlege samanstillinga du får fra arbeidgivar eller årsoppgåve frå institusjonen du har inngått avtalen med.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.