3.3.7 Andre frådrag

Post 3.3.7 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du frådrag som ikkje blir dekte av dei andre postane. Nokre av frådraga kan vere rapporterte inn og fylt ut i skattemeldinga, mens andre frådrag må du fylle ut sjølv. Hugs å kontrollere at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Denne posten dekkjer kostnader på mange ulike område du kan få frådrag for. Dei mest vanlege er desse:

Standardfrådrag for utanlandske arbeidstakere

Dersom du er utanlandsk arbeidstakar og har skatteplikt til Noreg for lønnsinntekt, kan du krevje standardfrådrag for utanlandske arbeidstakarar. Du kan krevje standardfrådrag for alle år du ikkje blir rekna som skattemessig busett i Noreg. Har du opphelde deg i Noreg så lenge at du har blitt skattemessig busett, kan du krevje standardfrådrag dei to første inntektsåra  du er skattepliktig som busett i Noreg.

Du blir rekna som skattemessig busett i Noreg frå og med det året opphaldet ditt i Noreg overstig

  • 183 dagar i ein 12-månadersperiode eller

  • 270 dagar i ein 36-månadersperiode

Standardfrådraget er 10 prosent av brutto arbeidsinntekt (post 2.1) og maksimum 40 000 kroner per år.

Du må anten velje standardfrådrag eller frådrag for faktiske kostnader. Ikkje begge deler.

I tillegg til standardfrådrag får du:

  • minstefrådrag - utrekna av brutto arbeidsinntekt

  • personfrådrag - brunnfrådrag ved skatteutrekninga

Du kan også ha krav på:

Er du statsborgar i eit EU/EØS-land kan du og ha krav på frådrag for tilskot til ein pensjonsordning i eit anna EU/EØS-land.

Sjå korleis du gjer endringar i Standardfrådrag for utanlandske arbeidstakare

Gåver til frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn

Har du gitt ei pengegåve på minst 500 kroner til ein frivillig organisasjon og/eller til eit trus- og livssynssamfunn og beløpet er rapportert inn elektronisk til Skatteetaten, kjem frådraget til å vere ferdig fylt ut i post 3.3.7 i skattemeldinga.

Maksimalt frådrag for gåver er 25 000 kroner per år.

Frådraget kan ikkje fordelast fritt mellom ektefellar. Dersom du har gitt ei gåve saman med andre og beløpet som er rapportert inn på deg, er feil, må du be organisasjonen om å rapportere inn den forholdsmessige delen din av gåvebeløpet på nytt.

Du kan òg få frådrag for pengegåver til utanlandske organisasjonar og trus- og livssynssamfunn innanfor EØS-området, så framt desse er godkjende av Skatteetaten. Gåver til utanlandske organisasjonar blir ikkje rapporterte inn og er derfor ikkje førehandsutfylte i skattemeldinga.

Tilskot til vitskapleg forsking og yrkesopplæring

Har du gitt tilskot til institutt som driv vitskapleg forsking med medverknad frå staten, kan du få frådrag for tilskotet. Det blir òg gitt frådrag for tilskot til yrkesopplæring som kan ha noko å seie for verksemda di. Tilskot er vanlegvis rapporterte inn av instituttet.

Årsavgift på VPS-konto, leige av bankboks mv 

Dersom du har ein VPS-konto (Verdipapirsentralen ASA) som du betaler årsavgift for, kan du føre kostnaden til frådrag i post 3.3.7.

Har du verdipapir som du oppbevarer i bankboks og verdipapira kan gi skattepliktig inntekt, kan du føre leigeutgiftene til frådrag i post 3.3.7.

Tap ved sal av partar i norsk-kontrollert utanlandsk selskap o.a. i lågskattland – NOKUS (RF-1246).

Dette gjeld for alle som har selt ein part i eit NOKUS-selskap og har rekna ut tap i RF-1246, post 840.

Inntektsfrådrag frå gevinst- og tapskonto (RF-1219).

Dette gjeld for alle som har eit tap som blir ført til frådrag over fleire år gjennom RF-1219 Gevinst- og tapskonto. Utrekna frådrag går fram av post 15b.

Frådragsføring av positiv saldo (RF-1084).

Dette gjeld for alle som har eit tap som blir ført til frådrag over fleire år gjennom RF-1084 Avskriving. Utrekna frådrag går fram av post 110.

Satsar og nøkkeltal

Standardfrådraget for utanlandske arbeidstakare er 10 prosent av inntekta i post 2.1, men maksimalt 40 000 kroner.

Gåver til frivillige organisasjonar og/eller trus- og livssynssamfunn

Føresetnaden for å få frådrag er at:

  • gåva er eit pengebeløp

  • gåva til den aktuelle organisasjonen / trus- og livssynssamfunnet utgjer minst 500 kroner

  • beløpet er rapportert inn elektronisk til Skattedirektoratet

  • det samla frådraget er kr 25 000 per år

  • organisasjonen o.a. er godkjend av Skatteetaten. Liste over godkjende frivillige organisasjonar

Gåver til organisasjonar i utlandet

Organisasjonen må:

Tilskot til vitskapleg forsking og yrkesopplæring

  • Du får fullt frådrag for tilskot opptil 10 000 kroner.

  • Frådrag utover 10 000 kroner er avgrensa til 10 prosent av den alminnelege inntekta di før særfrådrag og før frådrag for tilskotet.

  • Instituttet som driv forskning eller yrkesopplæring, må vere godkjent av Skatteetaten. Liste over godkjente og vitskaplege institutt. 

Du kan krevje frådrag for tilskot i tillegg til frådrag for gåve til ein frivillig organisasjon.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar

Du må føre opp 10 prosent av summen som står i post 2.1, men maksimalt 40 000 kroner. Sjå kordan endre standardfrådraget.

Gåver til frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn

Gåver til norske organisasjonar og trus- og livssynssamfunn Gåvebeløpet skal vere rapportert inn elektronisk og ferdig fylt ut i skattemeldinga. Gåver til frivillige organisasjonar o.a. som ikkje er rapportert inn, får du ikkje frådrag for. Dersom det manglar eit beløp, kan du kontakte organisasjonen og be om at dei sender inn korrigerte opplysningar til skattestyresmaktene.

Gåve til utanlandsk organisasjon

Slike gåver er ikkje rapporterte inn. I posten, under Gåver gitt til organisasjonar i utlandet, fører du opp namnet på den utanlandske organisasjonen og gåvebeløpet i norske kroner.

Tilskot til vitskapleg forsking og yrkesopplæring

Tilskot er vanlegvis rapporterte inn av instituttet. Dersom tilskotet ikkje er førehandsutfylt, må du føre beløpet i post 3.3.7 Tilskot til vitskapleg forsking.

Årsavgift for VPS-konto, leige av bankboks o.a.

Før opp beløpet og kva det gjeld, i posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på det som er nemnt over, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du har ført opp utgifter som overstig 10 000 kroner på årsbasis, må du ha betalt via bank for at du skal få frådrag for beløpet.

Standardfrådrag

Du må kunne dokumentere opphald/tal på dagar i Noreg, til dømes i form av kopi av arbeidskontrakt eller bankutskrifter som viser kontorørsler i perioden.

Gåver til frivillige organisasjonar i utlandet

Dersom du krev frådrag for gåver til organisasjonar i utlandet, må du kunne dokumentere dette med kvittering dersom vi ber om det. Kvitteringa må innehalde opplysningar om givaren sitt namn, adresse, norsk fødselsnummer/D-nummer og gåvebeløpet i norske kroner.

Kostnader til VPS-konto eller bankboks

Dokumentasjon for kostnader til årsavgift for VPS-konto mv, kan du dokumentere med kvittering.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg med spørsmål om skattemeldinga.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.