3.3.9 Tap ved sal av partar i verdipapirfond

Post 3.3.9 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har hatt i frådragsgivande tap ved sal av part i verdipapirfond. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har selt partar i verdipapirfond (til dømes aksjefond, obligasjonsfond, rentefond og kombinasjonsfond) i løpet av inntektsåret med frådragsgivande tap.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløp. Beløpet baserer seg på kva forvaltingsselskapet/-selskapa eller VPS har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå forvaltingsselskapet i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i sjølvmeldinga.

Nytt av året

Frå og med inntektsåret 2016 er reglane for skattlegging av verdipapirfond endra. Aksjedelen i verdipapirfondet gir eit frådrag på 28,75 %. Rentedelen av verdipapirfondet gir eit frådrag på 25 %. Sjå elles skatteetaten.no om nye reglar for skattlegging av partar i verdipapirfond.
Har du tap i eit kombinasjonsfond som inneheld både aksjar og andre finansprodukt/renter, blir tapet i verdipapirfondet presentert på to linjer, ei linje for tap på aksjedel og ei på rentedel.

Slik blir dette vist i Skattemeldinga:

3.1.9 Tap sal verdipapirfond aksjedel
3.1.9 Tap sal verdipapirfond rentedel

Informasjon manglar

Dersom du eig ein part i eit verdipapirfond som du har selt og dette ikkje står i skattemeldinga, må du sjølv føre tapet i Skattemeldinga.

Du må føre opp tap på aksjedel for seg og rentedel for seg (på grunn av ulike skattesatsar). Leverer du elektronisk, finn du dette valet under Legg til postar.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.