Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

3.1 Kapitalinntekter og andre inntekter

Postane under 3.1 Kapitalinntekter og andre inntekter gjeld inntektspostar som renteinntekter frå bankinnskot, avkastning frå kapitalforsikring og verdipapirfond, utbyte på aksjar og skattepliktig gevinst ved sal av aksjar og del i verdipapirfond.

Alle postar for 3.1 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 3.1.1 Renteinntekter frå bankinnskot o.l.

    Denne posten viser kva du og barna dine under 17 år har hatt i renteinntekter. Renteinntekter som høyrer til barn under 17 år, blir fordelte med ein halvpart på kvar av foreldra når dei bur saman. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.1.2 Andre renteinntekter

    Har du renteinntekter på pengar du har lånt vekk til dømes til vener eller familie, eller renteinntekter frå mellom anna livsforsikring eller skadeforsikring, må du både kontrollere beløpet i denne posten og eventuelt føre opp det som manglar.

  • 3.1.3 Renter som skal skattleggjast ekstra på lån til selskap (RF-1070)

    I denne posten fører du utrekna renteinntekter på lån gitt til selskap (aksjeselskap, allmennselskap, utanlandske selskap, deltakarlikna selskap osv.) som skal skattleggjast ekstra. Du reknar ut renteinntektene i skjema RF-1070. Beløpet som skal førast i 3.1.3, er faktisk påkomne renter etter skatt som overstig ei utrekna skjerming

  • 3.1.4 Avkastning og utbetaling frå kapitalforsikring

    Denne posten viser kva du i 2015 har hatt i avkastning på sparedelen av kapitalforsikring med garantert avkastning og/eller skattepliktig utbetaling i 2016 frå kapitalforsikring med investeringsval utan garantert avkastning (Unit Link-forsikring). Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.1.5 Skattepliktig utbyte på aksjar o.l. (RF-1088)

    Denne posten viser skattepliktig utbyte. Beløpet er normalt fylt ut med det som går fram av RF-1088 Aksjeoppgåva. I midten av mars fekk du dette skjemaet, som er ei oversikt over dei norske aksjane dine samt utanlandske selskap registrerte på Oslo Børs.

  • 3.1.6 Skattepliktig avkastning av partar i verdipapirfond

    Denne posten viser kva du og barna dine under 17 år har teke imot i skattepliktig avkastning frå part i verdipapirfond. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.1.7 Skattepliktig utbytte som ikkje er ført i post 3.1.5 eller 3.1.6

    I denne posten fører du utbyte frå norske og utanlandske aksjar eller verdipapirfond som ikkje allereie er fylt ut i post 3.1.5 og 3.1.6. Krev du skjermingsfrådrag for å redusere skatt på utbyte, må du fylle ut RF-1059 Aksjar og fondspartar m.m.

  • 3.1.8 Skattepliktig gevinst ved sal av aksjar o.l. (RF-1088)

    Denne posten skal vere førehandsutfylt med netto aksjegevinst frå norske aksjeselskap og utanlandske selskap som er registrerte på Oslo Børs, og som du har teke imot RF-1088 Aksjeoppgåva for. Det same gjeld for eigenkapitalbevis. Sjå nedanfor om retting av feil og manglar.

  • 3.1.9 Skattepliktig gevinst ved sal av partar i verdipapirfond

    Denne posten viser kva du har hatt i skattepliktig gevinst ved sal av part i verdipapirfond. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 3.1.10 Skattepliktig gevinst ved sal av aksjar o.l. (RF-1059) og obligasjonar

    I denne posten fører du opp beregnet gevinst ved salg av aksjer og/eller aksjeandelen i verdipapirfond som ikke er forhåndsutfylt i skattemeldingen post 3.1.8 eller 3.1.9. 

  • 3.1.11 Inntekter frå utlandet

    I denne posten fører du alle inntekter i utlandet som er skattepliktige i Noreg, og som ikkje skal førast i andre postar. Til dømes renter av innskot i utanlandske bankar, inntekter frå utanlandske obligasjonar og lån og gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet.

  • 3.1.12 Anna inntekt

    I denne posten fører du inntekter som ikkje blir dekte av dei andre postane. Nokre av inntektene kan vere rapporterte inn og fylte ut i skattemeldinga, mens andre inntekter må du fylle inn sjølv. Hugs å kontrollere at alt er rett.

  • 3.1.13 Gevinst andre finansprodukt

    Denne posten skal vere førehandsutfylt for desse finansielle instrumenta: ETN-ar (Exchange Traded Notes), warrants og/eller valutalån, handla gjennom Oslo Børs / Verdipapirsentralen (VPS) eller gjennom andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar.

  • 3.1.14 Skattepliktig avkastning eller kundeutbytte

    Denne posten er førehandsutfylt og viser kva du har fått i skattepliktig avkastning eller kundeutbytte, til dømes frå Gjensidige.