3.1.13 Gevinst andre finansprodukt

Post 3.1.13 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten skal vere førehandsutfylt for desse finansielle instrumenta: ETN-ar (Exchange Traded Notes), warrants og/eller valutalån, handla gjennom Oslo Børs / Verdipapirsentralen (VPS) eller gjennom andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har:

  • gevinstar i ETN-ar, valutalån og/eller warrants som er handla gjennom Oslo Børs / Verdipapirsentralen (VPS) eller andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar
  • gevinstar i ETN-ar, valutalån og/eller warrants som er handla utanfor Oslo Børs / VPS (anten i Noreg eller i utlandet) eller gjennom andre rapporteringspliktige finansinstitusjonar

Der gevinst ikkje er førehandsutfylt må du sjølv føre opp beløpet i denne posten.

Nytt i år

Denne posten er ny i 2015.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er vanlegvis førehandsutfylt og baserer seg på kva VPS/banken/bankane har rapportert inn, så kontroller at alt er korrekt. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå Verdipapirsentralen (VPS) eller banken/bankane i januar.

Dersom beløpet er feil, må du sjølv endre det i sjølvmeldinga. Du bør òg kontakte finansinstitusjonen/-institusjonane du har handla gjennom for at årsoppgåva skal bli korrekt.

Informasjon manglar

Dersom posten ikkje er førehandsutfylt, manglar opplysningar eller inneheld feil beløp, må du føre opp produktnamn (ev. andre relevante opplysningar) og gevinst. Dersom posten gjeld valutalån, må du òg føre opp namnet på banken.

Du må òg føre opp årsaka til kvifor du endrar posten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.