3.1.14 Skattepliktig avkastning eller kundeutbytte

Post 3.1.14 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten er førehandsutfylt og viser kva du har fått i skattepliktig avkastning eller kundeutbytte, til dømes frå Gjensidige.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er vanlegvis fylt ut med utbytte eller avkastning. Beløpet baserer seg på kva leverandøren/leverandørane har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå leverandøren i januar.

Dersom beløpet er feil, må du sjølv endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte leverandøren for at årsoppgåva skal bli rett.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.