3.1.2 Andre renteinntekter

Post 3.1.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Har du renteinntekter på pengar du har lånt vekk til dømes til vener eller familie, eller renteinntekter frå mellom anna livsforsikring eller skadeforsikring, må du både kontrollere beløpet i denne posten og eventuelt føre opp det som manglar.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har

  • uteståande lån til eller fordring på personar eller selskap og har teke imot renteinntekter
  • teke imot renter på for seint utbetalt lønn og/eller pensjon

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Sjå steg for steg korleis du legg til renteinntektar og utlånte pengar

Eg har renter på lån til ein eg kjenner  

Om du får renter på lånet, avheng av kontrakten du har med vedkomande. Dersom du får renter, fører du det beløpet opp i denne posten saman med namnet på den/dei du har lånt pengar til.

Har du gitt eit privat lån til nokon, må du føre opp lånet i post 4.1.6. Der fører du summen du har lånt ut per 31. desember, namnet på den som har lånt pengar, og adressa til vedkomande. Dette må du gjere kvart år i skattemeldinga.

Gi beskjed til den som har lånt pengar, om at vedkomande òg må hugse å føre opp lånet i post 4.8.1 i si skattemelding.

Private utlån er ein del av formuen din. Du har pengar uteståande. Lån frå private er gjeld som reduserar formua di.

Renteinntekter utbetalte i samband med livs- eller skadeforsikring 

Dette er normalt fylt ut på førehand med beløp du har teke imot i renteinntekter. Beløpet baserer seg på kva forsikringsselskapet har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå forsikringsselskapet/-selskapa i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg ta kontakt med forsikringsselskapet/-selskapa for at årsoppgåva skal bli rett.

Renteinntekter ved for seint utbetalt lønn/pensjon

Dette blir normalt fylt ut basert på kva som er rapportert inn av arbeidsgivar, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør ògså ta kontakt med arbeidsgivaren din for at den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk blir rett.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon på fordringa (lånet) og renter, må du kunne gi oss ein kopi av gjeldsbrevet/avtalen mellom låntakar og utlånar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.