3.1.3 Renter som skal skattleggjast ekstra på lån til selskap (RF-1070)

Post 3.1.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna renteinntekter på lån gitt til selskap (aksjeselskap, allmennselskap, utanlandske selskap, deltakarlikna selskap osv.) som skal skattleggjast ekstra. Du reknar ut renteinntektene i skjema RF-1070. Beløpet som skal førast i 3.1.3, er faktisk påkomne renter etter skatt som overstig ei utrekna skjerming

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har gitt lån til selskap (aksjeselskap, allmennselskap, utanlandske selskap, deltakarlikna selskap osv.).

Dersom lånet er til norske selskap, fører du påkomne renter i post 3.1.2. Dersom lånet er til utanlandske selskap, fører du påkomne renter i post 3.1.11.

Satsar og nøkkeltal

Skjermingsrenta gjeld for to månader om gongen.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Når du leverer skattemeldinga elektronisk, kjem du automatisk til skjema RF-1070 Hjelpeberegning av renteinntekt til ekstrabeskatning ved lån fra personlig skattyter til selskap mv .når du skal fylle inn noko i denne posten. Dette må du fylle ut i RF-1070:

  • månad
  • lånesaldo den 1. i månaden
  • påkomne renter den aktuelle månaden

Renteinntektene som skal skattleggjast ekstra, blir rekna ut og fylt ut automatisk.

Korleis blir det rekna ut kva som skal skattleggjast ekstra? 

Faktiske påkomne renter på lånet

-  Skatt på renteinntektene (faktisk påkome rentebeløp x skattesats for alminneleg inntekt)

-  Utrekna skjermingsfrådrag (lånesaldo x skjermingsrenta)

= Renteinntekt til ekstraskattlegging

Renteinntekta skal reknast ut for kvar enkelt månad.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.