3.1.11 Inntekter frå utlandet

Post 3.1.11 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du alle inntekter i utlandet som er skattepliktige i Noreg, og som ikkje skal førast i andre postar. Til dømes renter av innskot i utanlandske bankar, inntekter frå utanlandske obligasjonar og lån og gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har minst eitt av dette:

  • renter av innskot i utanlandsk bank som går fram av skjema RF-1231 Bankinnskott i utlandet
  • gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet
  • renter på uteståande lån til personar eller selskap i utlandet
  • inntekter frå obligasjonar
  • inntekt frå utanlandske selskapspartar som ikkje er næringsinntekt
  • skattepliktig årleg avkastning frå kapitalforsikring teikna i eit anna EØS-land (særreglar for livsforsikringar teikna før 1. januar 2004)
  • skattepliktig utbetaling i 2016 frå kapitalforsikring med investeringsval utan garantert avkastning (Unit Link-forsikring) frå selskap i eit anna EØS-land
  • utbetalt avkastning på kapitalforsikring (med eller utan garantert avkastning) teikna i eit forsikringsselskap utanfor EØS-området (gjeld berre for kontraktar inngått etter 1. januar 1986)

Skattepliktig leigeinntekt frå fast eigedom i utlandet fører du i post 2.8.5. Skattepliktig arbeidsinntekt fører du i post 2.1.1.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du må oppgje inntekten i utlandet i post 3.1.11.

Renter av innskot i utanlandsk bank  

Du må levere skjema RF-1231. Der fører du formuen per 31. desember, namnet på den utanlandske banken og renteinntektene.

I post 4.1.9 fører du innskotet, og i post 3.1.11 fører du rentene som står i RF-1231, avsnitt III Sum for alle konti, post II Sum renter, avkastning i NOK. Du skal oppgi rentene i norske kroner. Bruk gjennomsnittskursen for inntektsåret frå Noregs bank. Når du leverer elektronisk, blir beløpet i post 3.1.11 automatisk overført frå skjema RF-1231.

Lån til personar eller selskap i utlandet 

I denne posten fører du renter på lånet i norske kroner. Bruk gjennomsnittskursen for inntektsåret frå Noregs bank. Sjølve lånet fører du opp i post 4.6.2.

Gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet

Sal av eigedom i utlandet er skattepliktig på same måte som sal av eigedom i Noreg, post 2.8.4. Dersom du har selt eigedomen med tap, fører du det i post 3.3.6 dersom du har krav på frådrag for tapet. Dersom gevinsten er skattepliktig, fører du han i post 3.1.11. Du må føre inntektene i norske kroner i posten. Bruk kjøpskursen til Noregs Bank på dagen for utbetalinga.

Ein gevinst ved sal av eigedom i utlandet kan vere unnateke skatteplikt, avhengig av kva land eigedomen ligg i .

Avkastning, utbetaling og andre inntekter  

Du må føre inntektene i norske kroner i posten. Bruk kjøpskursen til Noregs Bank. Ved laupande utbetalingar bruker du gjennomsnittskursen for heile året, og ved enkeltutbetalingar bruker du kursen for utbetalingsdagen.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Når du har bankinnskot i utlandet, skal du fylle ut RF-1231 og leggje det ved skattemeldinga saman med årsoppgåve frå banken/spareinstitusjonen.

For gevinst ved sal av fast eigedom må du på førespurnad kunne leggje fram dokumentasjon og vise til korleis du har rekna ut gevinsten.

For andre inntekter må du kunne leggje fram dokumentasjon frå forsikringsselskap, kreditor el.l. på førespurnad.

Dersom vi spør om dokumentasjon på lånet og renter, må du kunne gi oss ein kopi av gjeldsbrevet/avtalen mellom låntakar og deg.

Har du betalt skatt på inntekta i utlandet, kan du krevje frådrag i norsk skatt. Du må då huke av "Ja" for kreditfrådrag i post 1.5.6. Skjema "RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag" skal fyllast ut og leverast saman med skattemeldinga. Leverer du elektronisk blir skjema tilgjengeleg når du svarer "Ja" i posten.

Dersom du krev kreditfrådrag må utliknet og betalt skatt i det andre landet dokumenteres.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.