3.1.12 Anna inntekt

Post 3.1.12 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du inntekter som ikkje blir dekte av dei andre postane. Nokre av inntektene kan vere rapporterte inn og fylte ut i skattemeldinga, mens andre inntekter må du fylle inn sjølv. Hugs å kontrollere at alt er rett.

Gjeld posten meg?

All inntekt som er skattepliktig til Noreg, og som ikkje blir ført i andre postar, fører du her. Denne posten dekkjer mange ulike område som skal skattleggjast som inntekt. Dei mest vanlege er desse:

  • gevinst ved sal av del i norsk kontrollert utanlandsk selskap o.a. i lågskattland – NOKUS (RF-1246 Deltakaren sitt skjema over formue og inntekt i NOKUS )
  • inntekt frå gevinst- og tapskonto (RF-1219 Gevinst- og tapskonto)
  • inntektsføring frå negativ saldo (RF-1084 Avskriving)
  • tilbakeførte renter
  • retur av premie frå individuell pensjonssparing
  • gevinst ved sal av part i deltakarlikna selskap (RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap)
  • del av felles gevinst ved sal av part i deltakarlikna selskap
  • framhaldsforsikring
  • anna inntekt som går fram av lønns- og trekkoppgåva, til dømes fordel ved fri bruk av andre sine eigedelar i arbeidsforholdet
  • fordel ved fri bruk av andre sine eigedelar som ikkje er i arbeidsforhold
  • skattepliktig gevinst, finnarlønn og påskjøning for nyhendetips til aviser
  • gevinst ved sal av bitcoins
  • renter på for seint utbetalt lønn, pensjon, feriepengar m.m.
  • valutgevinstar
  • arbeid på eige bygg
  • festeavgift for den som eig festetomta og får inntekt

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Beløpet er fylt ut

Dei fleste inntektene er fylt ut i posten, ettersom dei har blitt rapporterte inn av ein tredjepart (kredittinstitusjon, forsikringsselskap, arbeidsgivar osv.), så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå tredjeparten i januar. Dersom beløp er feil, må du endre i skattemeldinga. Du bør òg kontakte tredjeparten for at årsoppgåva skal bli rett.

Beløpet er ikkje fylt ut

Dersom beløpet ikkje er fylt ut, må du gi opp inntekta.

Dersom inntekta kjem fram ved å fylle ut eit RF-skjema, vil beløpet som skal førast i posten, kome fram av skjemaet. Dersom du leverer elektronisk, blir beløpet automatisk ført i posten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.